Fylkeskommunen har dei siste åra hatt ansvar for å peike ut omstillingsområde og gje løyvingar til kommunar og område med ekstraordnære omstillingsutfordringar.
Kravet er at kommunen/området må ha utfordringar utover dei utfordringane dei aller fleste distriktskommunar slit med.
Storleiken på løyvingane er ulik år for år, og avhengig av løyvingar over statsbudsjettet. I 2010 hadde fylkeskommunen kr 8 mill til dette formålet. Beløpet for 2011 er kr 9 mill.
Område som kan vere aktuelle for omstillingsstønad i Sogn og Fjordane
(frå retningslinene vedtekne av Fylkestinget)
Område som har hatt eller har utsikter til store tap av arbeidsplassar i næringar som er avgjerande for den økonomiske utviklinga i området.
Aktuelle er og område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet.
I ei totalvurdering av situasjonen i området kan det leggjast vekt på demografisk utvikling, reduksjon i den indirekte sysselsettinga, arbeidsløyse og situasjonen i heile arbeidsmarknadsregionen.
Det blir teke omsyn til utviklinga dei siste tre åra og til pårekna nedgang i sysselsetting framover.
Søknad og retningslinjer
Omstillingsområde vert utpeikt i februar kvart år av hovudutval for plan og næring (HPN). I førekant må kommunane / områda ha dokumentert at dei har ekstraordinære omstillingsutfordringar, jamfør retningslinjene.
- Sogn og Fjordane fylkeskommune, NA
Audhild Schaathun
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Mobil: 415 30 602
E-post: audhild.schaathun@sfj.no