Sett over perioden 2001 til 2012 viset folketalet først ein nedgang, medan det har vore ein klår veks dei fem seinaste åra. Ved siste årsskiftet var det 108 201 innbyggarar i fylket. Dette er det høgste talet nokon gong. Innvandring frå utlandet er den viktigaste årsaka til folketalsveksten.


Den positive folketalsutviklinga i perioden 2000 til 2010 er mest markant langs RV 5 med forgreiningar mot Eid og Stryn. Vi har ei sentralisering innad i kommunane I alle kommunane i fylket har det vore vekst i minst ein grunnkrets. Vi opplever også ei sentralisering på fylkesnivået.
Seks kommunar Flora, Førde, Jølster, Sogndal, Eid og Stryn har hatt folketalsvekst. Ti av kommunane har hatt ei positiv utvikling i siste femårsperioden.
Elleve kommunar har langsiktig og på 2000 tallet langt sterkare nedgang enn dei øvrige. Desse har også betydeleg sterkare nedgang enn landet sine 200 periferikommunar i sum.
Seks av dei elleve kommunane ligg i Sogn og ein i Sunnfjord. Dei fire andre er Askvoll, Bremanger, Vågsøy og Selje.
Folketalsendringane kommunevis viser altså at elleve kommunar har langsiktig nedgang i folketalet. Ved å sjå på utviklinga i grunnkretsar ser vi at alle kommunane har hatt folketalsvekst i minst ein grunnkrets i kommunen. Det skjer altså ei intern sentralisering i den enkelte kommune.
Kommunevis statistikk på grunnkretsnivå
I vedlagte tabell kan du finne oversyn over folkemengde pr første januer og endringar i kalenderåret frå 1951 og fram til i dag.
Svak folketalsauke i spreiddbygde strøk
Urbaniseringa og sentraliseringa går sin gang, globalt som nasjonalt og lokalt, og i Noreg har det no vore slik i 200 år. I perioden 1990 2009 hadde alle fylke folketalsnedgang i spreiddbygde og folketalsoppgang i tettbygde strok .
Folketalsauken i landet har vore sterk dei ti siste åra. Talet på innbyggarar har auka med 8,5% på landsbasis. Ni fylke har hatt ein folketalsvekst som er større enn landsgjennomsnittet, tre fylke har hatt folketalsnedgang; Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark. Fylke med mykje spreidd busetnad har hatt den svakaste folkeauken.
Korleis går det med folketalet framover?
Fylket ønskjer folketalsauke, men kan sjølv om vi hadde sterke verkemiddel ikkje fullt ut styre dette. Likevel vil nasjonal og regional politikk til dels kunne motverke slike trendar
Folketalsutviklinga i fylket som heilskap er prega av at fylket ikkje har nokon stor eller mellomstor by. Ein stor del av innbyggarane bur i typiske distriktskommunar med ei flytte og folketalsutvikling som i stor grad følgjer mønstra for periferikommunane i landet elles med svak folketalsutvikling. Også fylket som heilskap har dei same hovudtrekka. Dei regionale sentra er både små og distriktsprega.
NIBR har laga ein framtidsanalyse for fylket som viser at det kan bli vanskeleg å få folketalet til å bli særleg høgre enn 107.000–108.000 i løpet av det komande tiåret. Berre ei svært kraftig innvandringsbølgje kan gjere ein slik påstand til skamme.
Utdanning og flytting
Til å vere eit fylke utan større byar er utdanningsrekrutteringa høg i fylket. Dette er ein gamal tradisjon. Men det medfører også store flyttetap over livsløpet i mange kommunar. Av dei som tek den høgaste utdanninga flytter 85 90 prosent på varig basis bort. På 40 årsstadiet finn vi berre 12 prosent av desse att i fylket.
I høve rekruttering til den høgste utdanninga er det spesielt kvinnene som er vaksne opp i fylket som tek mykje utdanning. Skiljet mellom kvinner og menn er større enn på landsbasis.
Jentene tek skulegang og flytter mens gutane i større grad overtek næringseigedomar og vert verande. I dei fleste kommunane er ulikskapen i ”bufastheit” mellom kvinner og menn større enn på landsbasis. I fylket som heilskap har 40 prosent av mennene og 22 prosent av kvinnene som er fødde midt på 1960 tallet aldri meldt flytting frå heimkommunen frå dei var 15 til 40 år . På landsbasis er ”bufastheita” målt på same måte høvesvis 37 og 27 prosent. Det er altså jentene som i størst grad bidrar til at kjønnsforskjellane i Sogn og Fjordane er større enn i landet som heilskap.
Folketalsutvikling dei siste åra
I løpet av dei 4 siste åra har folketalet auka med 1954 personar. Vi ser at den viktigaste enkeltfaktoren som bidreg til det er innvandring frå utlandet. Dei fire siste åra er det netto innvandra 4 265 personar
At det ikkje har blitt større folketalsvekst skuldast at svært mange flytter frå fylket til andre deler av landet. Til saman har det gjennom innanlands flyttingar reist 3 174personar frå fylket desse fire åra.
Også Førde har netto utflytting til andre deler av landet, og talet har aukt dei siste to åra.
Tilsvarande statistikk og figurar finn du for alle kommunane på kommunesida.
Kvar kjem invandrarane frå?

Som vi ser av figuren ovafor er innvandring frå utlandet den viktigaste enkeltfaktoren for folketalsauke i fylket dei siste tre åra.
I det siste tiåret er det blitt vel 3500 fleire busette innvandrarar i fylket. 2600 av dei kjem frå Europa, medan snautt 500 kjem frå Afrika. Også 180 fleire asiater er busette i fylket.
Regionalisering av kvardagslivet
Det er ei kjend sak innan området samfunnsanalyser at det skjer ei stadig aukande regionalisering. Vi ser dette både innan arbeidsmarknaden og servicemarknaden. Dette betyr at fleire og fleire finn arbeidet sitt og tenestene sine utanfor bustadkommunen.
Det er fleire som pendlar i dag en for 10 år sida. Vi finn stadig fleier "langpendlarar"; det vart fleire som pendlar ut av sin BA-region.
Bu- og arbeidsmarknadsregionar (BA-regionar) dekkar kommunar som har ein felles lokal arbeidsmarknad. Stort sett vil hovudtyngda av sysselsette arbeide i bustadkommunen.
Vårt fylke er delt i 13 BA-regionar. Statistikk over pendlingsstraumar viser at det i vårt fylke berre er to regionar med omfattande pendling mellom kommunane; Førderegionen og Sogndalregionen og der Førde og Sogndal framstår klårt som sentrumskommune i regionen.

Førderegionen kombinerer høg pendling til Førde med korte reiseavstandar:
- Det er også stor pendling frå Florø til Førde og det har dei siste ti åra vore ein auke frå vel to hundre til nær på fire hundre personar. Den andre vegen pendlar om lag 150 personar.
- Fleire som er busette i Naustdal arbeider i Førde enn i heimkommunen i 2010.
- I den siste tiårsperioden har det vore sterk auke i pendlinga frå Gaular til Førde
- Både i Gaular og Jølster er det auke i andelen personar som arbeider i Førde
I Sogndalregionen har Luster og Leikanger kort reisetid til Sogndal, men har likevel relativt låg pendling dit. Tilhøyret til regionen er likevel klar.
- Det er fleire sogndøler som arbeider i Leikanger enn det er personar frå Leikanger som arbeider i Sogndal.
- Det er vekst i lustringar som arbeider i Sogndal; ein auke på over 30 % dei siste ti åra eller i overkant av 100 personar.
- Det er også eit klårt innslag av personar utanfor regionen som arbeider i Sogndal, flest frå Årdal, Vik og Lærdal
- Opninga av Lærdalstunnelen har ikkje auka aurlendingane sin pendlarvilje
Tabellar over pendling mellom dei ulike kommunane i fylket i år 2000 og år 2009
Gjennomsnittsalder i kommunane
Gjennomsnittsalderen i befolkninga i Noreg er 39 år. Figuren viser gjennomsnittsalderen i alle kommunane i fylket. 7 kommunar i fylket har ein gjennomsnittsalder som er under landsgjenomsnittet. Dette er samstunder dei same kommunane (utanom Hornindal) som kan vise til folketalsvekst dei siste ti åra (sjå innleiing på denne side). Dei andre kommunane har ein gjennomsnittsalder som er høgare en landsgjennomsnittet.
Eldrefylket i landet
Alle kommunane i fylket unnateke fire, har høvesvis svært mange eldre. I hovudsak skuldast dette at folk i fylket lever lenge. For mange kommunar heng dette også saman med at rekrutteringa av unge vaksne i det lange løp har gått ned. Kombinasjonen av disse to fenomena gjev fylket status som landets eldrefylke.
Førde er den einaste kommunen med svært ung befolkning. Innslaget av personar over 75 år er meir enn ein tredel lægre enn i landet elles. I tillegg hadde tre andre kommunar ved utgangen av 2008 lægre innslag av eldre enn landsgjennomsnittet( Sogndal, Flora og Eid). Som ein femte kommune med langt lægre eldreovervekt enn dei andre, finn vi Naustdal. Dei andre nabokommunane til Førde skil seg mindre ut frå kommunane i fylket elles. I dei andre 21 kommunane har dei fleste sterkast overvekt av dei aller eldste.
Ein alt eldre befolkning ser ut til å bli eldre. Mange kommunar i fylket vil få ein betydeleg auke i talet eldre dei neste 20 åra, men det er store variasjonar frå kommune til kommune.
Figurane over viser eksempel på utvilking i tal elder for fylket som heilheit og Eid kommune. På kommunesidene( sjå nedanfor) vil du finne tilsvarande for figurar for kommunane i fylket.
Relevante lenkjer:
Kommunestatistikk på Sfj.no
http://www.ssb.no/befolkning/