blank blank
Sysselsetting og næringsutvilking
Naturbaserte næringar (jordbruk, fiske og fiskeoppdrett) står sterkt med over dobbelt så høg andel sysselsette som landsgjennomsnittet. Metallbearbeidande industri har også ein sterk posisjon i fylket. Dei tradisjonelle storbynæringane er sterkt underrepresentert i fylket. 44 prosent av alle føretaka i Sogn og Fjordane som vart skipa i 2001 var framleis aktive fem år etter. I løpet av dei to åra, 1. halvår 2008 til 1. halvår 2010, blei det etablert 6.685 føretak i privat sektor i fylket.

Utviklinga sidan 2000

Nest etter tal for folketalsutvikling, er utvikling av arbeidsplassar ein viktig indikator for regional utvikling. I ein allsidig arbeidsmarknad er også offentlege arbeidsplassar viktige.

Syselsettingsendringar Kjelde: TelemarksforskningFylket er næringsmessig prega av at det er få større bykonsentrasjonar og rik tilgang på naturressursar. Naturbaserte næringar (jordbruk, fiske og fiskeoppdrett) står sterkt med over dobbelt så høg andel sysselsette som landsgjennomsnittet. Metallbearbeidande industri har også ein sterk posisjon i fylket. Dette er både knytt opp mot tilgang på energi (smelteverk) og bygd på fylket sine sjøfartstradisjonar (skipsverft). Dei tradisjonelle storbynæringane er sterkt underrepresentert i fylket. Til dømes har ulike forretningsmessige tenester berre halvparten så høg andel av dei sysselsette som landsgjennomsnittet.

Det er likevel teikn på at fylket sakte men sikkert nærmar seg ein næringsstruktur som liknar meir på landsgjennomsnittet. Fiskeoppdrett taper noko i høve til andre strøk av landet. Tenesteytande sektor aukar, men svakare enn landet elles. Det kan på overflata sjå ut som om næringslivet vert ”modernisert”.

Dei offentleg tilsette utgjer ein viktig del av arbeidsstyrken. Tale på nye sysselsette i helse og sosialsektoren må truleg sjåast i samanheng med rediksjonen i tale på sysselsette under kategorien under offentleg administrasjon. Talet for bygg- og anlegg må sjåast i samaheng med tala under anna offentleg. Korigert for dette, er det like vel veksten i helse og sosialsektoren som er den klårt største pådrivaren i utviklinga i tala på syselsette.

Sjølv i Førde er det dei offentlege arbeidsplassane som skapar hovudtyngda av vekst i sysselsettinga i perioden 2001 til 2008.

På denne sida vil det likevel vere privat sektor som vert fokusert når det vert snakk om nyetableringar, lønsemd og vekstkraft.

Arbeidsplassutviklinga i kommunane syner at Sunnfjord har best utvikling. Sunnfjord har høg del arbeidsplassar innan bransjar i positiv utvikling. Dessutan har dei ein positiv effekt av vekst i folketalet. I Nordfjord, Sogn og HAFS-regionen har tal arbeidsplassar gått ned med mellom 2 – 4% frå 2000 til 2009.

Nyskipa føretak lever lenge i Sogn og Fjordane

Skilnad i overlevingsprosent 5 år etter blant nyskipa. Kjelde: Høgskulen i Song og Fjordane44 prosent av alle føretaka i Sogn og Fjordane som vart skipa i 2001 var framleis aktive fem år etter. Dei mest stabile var verksemder i bygge- og anleggsbransjen (65%) og innan transportsektoren (59%).

Det var ein større prosentdel av føretaka innan alle dei store bransjane som overlevde 5 år i Sogn og Fjordane samanlikna med resten av landet. Unnataket er i hotell- og restaurantbransjen der det var ein noko høgre prosentdel på landsplan enn i Sogn og Fjordane som framleis var aktive 5 år etter oppstart.  

 

 

 

Overlevingsprosent 5 år etter nyskiping. Kjelde: Høgskulen i Sogn og FjordaneDet kan vera mange grunnar til at verksemdene i Sogn og Fjordane lever lenger enn landsgjennomsnittet. I åra 2001 – 2006 var arbeidsløysa i Sogn og Fjordane lægre enn i nesten alle andre fylker, noko som viser at fylket i denne perioden hadde ein betre økonomisk utvikling enn i resten av landet. Dermed vil og nyskipa verksemder ha større sjansar for å overleva lenger. Noko av skilnaden i overlevingsprosent mellom Sogn og Fjordane og landet elles kan difor skuldast perioden me ser på.

 
Sjølv om overlevingsprosenten innafor kvar bransje er større i Sogn og Fjordane enn i landet elles, så kan det vera skilnader i den meir detaljerte bransjestrukturen. 

Det var ein større prosentdel av føretaka innan alle dei store bransjane som overlevde 5 år i Sogn og Fjordane samanlikna med resten av landet. Unnataket er i hotell- og restaurantbransjen der det var ein noko høgre prosentdel på landsplan enn i Sogn og Fjordane som framleis var aktive 5 år etter oppstart. 

Forretningsmessig tenesteyting

Det er venta at forretningsmessig tenesteyting vil vera ei av vekstnæringane på landsplan i åra framover. Høgskulen i Sogn og Fjordane har bearbeida talmaterialet som følgjer for ”Samfunnspegelen”

I 2008 var det 3.472 sysselsette innan forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift i Sogn og Fjordane. Det har vorte 613 fleire sysselsette i fylket innan denne næringa sidan 2000. På desse 8 åra vart det dermed 21 prosent fleire sysselsette. På landsplan auka sysselsetjinga i denne næringa med 36 prosent i den same perioden. Dette er ein svært sterk auke samanlikna med dei fleste andre næringar. Som fylje av finanskrisa har det truleg vore ein nedgang i sysselsetjinga i denne næringsgruppa både i fylket og på landsbasis dei siste to åra, men endringar i næringsgrupperinga til Statistisk sentralbyrå gjer det vanskeleg å samanlikna utviklinga etter 2008 med utviklinga fram til 2008.

Sogn og Fjordane har ei lægre etableringsrate enn landet elles

Talet på nyetablerte verksemder. Kjelde: HISFI løpet av dei to åra, 1. halvår 2008 til 1. halvår 2010, blei det etablert 6.685 føretak i privat sektor i Sogn og Fjordane. Dette svara til om lag 25 prosent av verksemdene i 2008 (etableringsrate i perioden). Etableringsraten var høgst innafor kulturell verksemd, underhaldning m.m med 53 prosent og innafor energiforsyning med 37 prosent.

I den same to-års perioden var etableringsraten for landet på 34 prosent, 9 prosenteiningar høgre enn i Sogn og Fjordane. Etableringsrata i Sogn og Fjordane er lægre innafor alle bransjar, bortsett frå energiforsyning. Skilnadene er størst innafor bransjane: kulturell verksemd og overnattings- og serveringsverksemd.

 

 

 
Skilnad i etableringsrateEtableringsraten definert som tal nyregistrerte foretak pr år i prosent av tal eksisterande foretak ved starten av same året, kan brukast for å samanlikne regionar med omsyn til etableringsaktivitet. Det er viktig å ta omsyn til at etableringsfrekvensen er påverka av bransjestruktur og vekst i folketalet. Område som har stor del bransjar med høg etableringsfrekvens og område med høg folketalsvekst vil automatisk få høg etableringsfrekvens. 

Talmaterialet for Sogn og Fjordane syner at etableringsfrekvensen er høgast i Sogn og Sunnfjord.

Mange ”gasellebedrifter” i Sogn og Fjordane

Ei gasellebedrift er kort oppsummert ei ny bedrift som har dokumentert sterk vekst. Målt i tal gasellebedrifter i høve innbyggartalet kom Sogn og Fjordane i 2010 på andreplass kun slått av Oslo, melder Dagens Næringsliv 25/11 2010. Til samanlikning var vi nr 8 av fylka i 2009. Høgst tal gasellebedrifter finn vi i Flora, Vågsøy, Stryn og Førde. I alt var det registrert 68 ”gaseller” i Sogn og Fjordane i 2010 mot 90 i 2009. Sjølv om tala syner nedgang, så er nedgangen i Sogn og Fjordane vesentleg mindre enn for landet elles. Vi taklar finanskrisa betre enn andre.

Gasellebedrifter må i følgje DN ha:

  • Levert godkjende rekneskap
  • Minst dobla omsettinga over fire år
  • Omsetting på over 1 mill kr første år
  • Positivt samla driftsresultat
  • Unngått negativ vekst
  • Vore aksjeselskap

Lønsemd og vekst i næringslivet

Lønsemd er viktig for å forstå bedriftene si evne til å klare seg i konkurransen og dermed gi grunnlag for vekst, omstillingsevne og trygge arbeidsplassar. Sogn og Fjordane har hatt ein lågare del lønsame bedrifter enn landet elles, men dei siste åra har skilnaden vorte mindre.

Lønnsomhetsindekser for regionen. Kjelde: Telemarksforskning

Telemarksforsking har utvikla ein indeks for lønsemd i bedriftene og rangert alle kommunane i landet etter tre kriterie; lønsemd, bransjejustert lønsemd og eigenkapital. Bransjejustert lønsemd er ei korrigering for at lønsemda er ulik i ulike bransjar. Bransjestrukturen i Sogn og Fjordane er ugunstig når kriteriet er lønsemd. Fylket kjem betre ut når analysen korrigerer for bransje, men bransjejusteringa gir ikkje store utslag i samanlikninga mellom kommunar.

Når rangeringa for 2008 vert samanlikna med rangeringa for 2009, syner talmaterialet ei viss endring kommunane imellom frå år til år. Det er etter vår vurdering føremålsteneleg å presentere lønsemdsindeksen i næringslivet for større regionar. Vi ser at næringslivet i Sunnfjord er svært lønsamt. For dei siste 5 åra er regionen på 6.plass i landet – i 2009 på topp!! Vi ser elles at næringslivet i Nordfjord kjem godt ut, at bedriftene i HAFS har god eigenkapital og at Sogn kjem ned på lista pga bransjestruktur.

  

Vekstindikator for regionar. Kjelde: TelemarksforskningTelemarksforsking har også rangert kommunane med omsyn til vekstevna i næringslivet. Det er brukt tre indikatorar. Den første indikatoren er omsetningsvekst høgare enn prisstigninga. Den andre er bransjejustert vekst der det er justert for ulik vekst i ulike bransjar. Den tredje indikatoren syner del bedrifter med vekst i verdiskapinga. Desse tre indikatorane er samla i ein vekstindeks.

Talmaterialet syner at kommunane i Sogn og Fjordane skårar gjennomgåande godt på vekstindikatorane; tilliks med resten av Vestlandet. Det interessante for 2009 er at Sogn og Fjordane var det einaste fylket med over 50% vekstbedrifter. Året 2009 er samstundes det året der andelen vekstbedrifter i landet går kraftig ned. Telemarksforsking oppsumerar i si analyse: Sogn og Fjordane har vore nummer 17 i siste femårsperiode. I 2009 var utviklinga i fylket god med omsyn til vekst og lønsemd, men svakt for nyetableringar.

Alle regionar i fylket har ”klatra” på vekstindeksen i 2009 og med spesielt gledeleg utvikling i HAFS-kommunane. Likevel er det naturleg å legge størst vekt på det biletet som vert synt for heile 5-årsperioden under eitt.

Næringsstruktur i kommunane

Sum sysselsette 2000 til 2010På kvar av kommunesidene (Statistikk på kommunenivå) finn du statistikk frå SSB som syner sysselsettinga etter næring for kvar kommune. Det er teke inn to oversyn; den eine viser utviklinga i sysselsettinga på ulike næringar i perioden 2000 – 2008, den andre viser utviklinga for åra 2008 – 2010, men har ei noko anna næringsinndeling. Samla sett for fylket viser tal sysselsette ein nedgang fram til 2004 men etter den tid har det i hovudsak vore vekst i sysselsettinga.

 

 

 

Relevante lenkjer:
Demografi og næringsutvikling i Sogn og Fjordane, NIBR
Næringsanalysen frå Telemarksforsking
Næringsbarometer for Sogn og Fjordane


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 19. desember 2011 - kl. 14:24


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012