blank blank
Grunnopplæring
Opplæring skal bidra til å utvikle elevane sine faglege dugleikar og læringsstrategiar, men også deira sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk tenking og medverknad i demokratiske prosessar. Det er gode resultat for fylket knytt til læringsmiljø i skulane og kvalitet i opplæringa. Resultatet frå nasjonale prøvar viser at elevane i Sogn og Fjordane gjer det betre enn landsgjennomsnittet. Gjennom fokus på gjennomføringsevne i vidaregåande opplæring har elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane høgst grad av gjennomføring i heile landet og dei aller fleste ungdommane startar i vidaregåande opplæring etter endt grunnskule Sogn og Fjordane har høgast barnehagedekning med ein dekningsgrad på over 98 prosent for aldersgruppa 3-5 år.

Kvalitet i opplæringa

Kvalitet i opplæringa 10. trinn 2009 - 2010. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Den 13-årige grunnopplæringa skal ha høg kvalitet. Ho skal gi den enkelte og samfunnet nødvendige føresetnader for framtidig velferd, verdiskaping og ei berekraftig utvikling. I sum skal opplæringa gi alle elevar dugleikar, haldningar og verdiar som gjer dei i stand til å meistre sine eigne liv og delta i arbeids- og samfunnsliv. Skal dette vere mogleg må alle inkluderast og oppleve meistring.

Det overordna målet for skoleeigarane er å verkeleggjere samfunnsmandatet. Kvaliteten på grunnopplæringa blir vist gjennom graden av realisering av dei ulike måla i dette mandatet.

 

Kvalitet i opplæring på videregående trinn. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og FjordaneDen øvste figuren viser resultatet av den obligatoriske elevundersøkinga for 10. trinn våren 2010 samanlikna med landsgjennomsnittet. Skalaen går frå 1-5. Høg verdi betyr positivt resultat for alle indeksane unntatt mobbing. Når det gjeld mobbing, betyr låg verdi liten førekomst av mobbing. Retten til eit fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring er regulert i opplæringslova kap. 9a. Dette kapittelet blir kalla elevane si arbeidsmiljølov. Vi veit at eit godt læringsmiljø er ein føresetnad for god fagleg og sosial utvikling for alle. Dei gode resultata for fylket kan vere ein av fleire forklaringsvariablar for dei gode faglege resultata for elevane i Sogn og Fjordane.

Elevane i vidaregåande opplæring – der resultata er vist i den nedste figuren - ligg også over landsnittet på dei fleste områda som er målte, men noko meir jamt med landet enn for grunnskulen.

God gjennomføringsevne i den vidaregåande skulen

Gjennomføringsevne i den vidaregåenade skulen. Kjelde: Fykesmannen i Sogn og FjordaneElevane i Sogn og Fjordane er dei som har høgst grad av gjennomføring i heile landet. Vi ser at dette gjeld for alle kategoriar. Det er på dei yrkesfaglege utdanningsprogram at  gjennomføringa er noko låg. Det er eit samansett bilde av årsaker til dette.

 

Barnehagedekninga

barnehagedekning

Figuren nedanfor viser dekning i høve søknader om barnehageplass i prosent pr utgangen av 2009. Oppdaterte tal ved utgangen av 2010 vil truleg vise full dekning for dei som har rett til plass. Rett til plass innan utgangen av august har dei som fyller eitt år innan 01.09 og som har søkt innan fristen. Det er enno midlertidige lokale i bruk for å sikre retten. Det har vore stor auke i utbygginga av plassar. Utfordringa framover vil vere å oppfylle krav til pedagognorm for både styrarstillingar og pedagogiske leiarar. Vi har i dag ca 80 dispensasjonar i fylket. Det betyr at berre 81% av dei som fyller stillingane har godkjent utdanning som førskulelærar eller anna godkjent utdanning. For sikring og utvikling av kvalitet på tilbodet, er det ei prioritert oppgåve å rekruttere fleire førskulelærarar

 

Gode resultat på nasjonale prøver

Nasjonale prøvar 8. trinn 2009 - 2010. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Resultata viser at elevane i Sogn og Fjordane har betre resultat enn landsgjennomsnittet. 8. trinn ligg mellom dei tre beste på alle prøvene, med rekning som beste resultat. I rekning har heile 99.1 % av elevane delteke på prøven og oppnådd eit snitt på 3,3, medan tilsvarande tal for Oslo er 95,5% og 3,4. Vårt fylke har i fleire år utgjort ”topp tre” saman med Akershus og Oslo om vi ser på 8. klassingane sine prestasjonar på nasjonale prøver. Når det gjeld grunnleggjande dugleikar i lesing på norsk, så er det færre elevar i Sogn og Fjordane på dei lågaste meistringsnivåa enn snitt i landet, 23,3% mot landssnittet på 27,7. Likeeins er det fleire på meistringsnivå 4 og 5, 34,7% mot snittet som er 31,2.

Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring i 2009

Overgang frå grunnskule til videregåande opplæring i 2009. Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Dei aller fleste elevane startar i vidaregåande opplæring etter avslutta grunnskule, og Sogn og Fjordane ligg over snittet i landet. Det er likevel variasjonar her, og det er viktig å merke seg at det er målt i prosent av tal elevar. Det er difor viktig å korrigere for tal elevar på årstrinnet i kommunen når ein skal vurdere omfanget av dei som ikkje nyttar seg av retten til vidaregåande oppæring.

 

 

Folkehelsegrupper ved dei vidaregåande skulane

Folkehelse har gjennom fleire år vore eit satsingsområde i Sogn og Fjordane, med ungdom som ei prioritert målgruppe i dette arbeidet. Opplæringslova § 9a-4 seier at skulane skal “aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane”. På bakgrunn av dette har dei vidaregåande skulane i fylket lange tradisjonar med førebyggande og helsefremmande arbeid. Miljøkoordinator og skulehelsetenesta har hatt sentrale funksjonar i dette arbeidet.

For å sikra eit “kontinuerleg og systematisk” førebyggingsarbeid, sende fylkesdirektøren hausten 2006 ei bestilling til skulane om å etablera permanente folkehelsegrupper. Desse skulle jobba for “ei god utvikling og forankring av det pågåande og framtidige førebyggande arbeidet ved skulen”. Det vart lagt føringar på at det i gruppene skulle vera med representantar for leiing, lærarar, elevar, miljøkoordinator, skulehelsetenesta, tannhelsetenesta og kantinedrifta.

Folkehelsegruppene skulle utarbeida ein handlingsplan over skulen sitt arbeid på områda psykisk helse, ernæring, fysisk aktivitet, rus og tobakk og skader og ulukker. Planen skulle vera ein del av utviklingsplanen for skulen, og rapportering om arbeidet skulle skje i årsmeldinga frå skulen. Planane har etter kvart vorte rullerte.

Fylkesdirektør for opplæring vurderer det som at tiltaket har vore vellukka, i den grad at det kan sjå ut som at det førebyggande arbeidet ved skulane er vorte meir målretta og systematisk.

Relevante lenkjer:
Skoleporten


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 25. januar 2011 - kl. 07:55


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012