|
Fylkesordføraren lanserte fylkesprogram for klima og miljø
Fylkesordførar Nils R. Sandal gjorde opptakten til eit fylkesprogram for klima og miljø då han tala til fylkestinget som er samla i Førde.
Fylkesordføraren sa han ville legge framlegg til slikt program til fylkestinget i juni 2008. Talen hans var prega av at det no går så det susar i landet. Han stilte likevel spørsmål ved om fylket får sin rettkomne del av denne nasjonale oppturen. Folketalsutviklinga er eit døme på at Sogn og Fjordane ikkje kan glede seg over den nasjonale framgangen utan atterhald. ”Takka vere at fylkeskommunen har solide og godt drivne selskap som tener gode pengar har det vore mogleg å investere i fylket til glede for komande slekter,” sa Sandal. Han var likevel ottefull for kommuneøkonomien i fylket fordi nedgangen i folketal gjer at kommunane sine inntekter minkar.
Fylkesordføraren tok så tak i utfordringane når det gjeld petroleumsindustrien utanfor kysten vår. Han gav honnør til stortingsbenken og lokale krefter som har stått saman med næringslivet til beste for både basen i Flora og arbeidet med utvikling i Sløvåg og Lutelandet. Sandal la i heile talen vekt på kor viktig det er for kreftene i fylket å stå saman om krava sine. ”Det er viktig å vere forutsigbar og halde trykket oppe uansett kva vi arbeider med,” sa han og sikta også til samferdsla i fylket. ”Vegen Olden – Innvik må framskundast utan at det går på kostnad av andre tiltak som alt er i gang,” la Nils R. Sandal til.
Både landbruk og breiband er viktig for Sogn og Fjordane. Sjølv om fylkesordføraren gjerne skulle sett at bøndene hadde fått meir, og at kapasiteten på breiband vart større, så oppfordra han til framleis kamp for at den positive utviklinga som no er i gang held fram.
”Kulturlivet vårt representerer dei gode motkrefter som vi må hegne om for å gjere fylket vårt interessant nok til at folk vel å flytte hit,” sa Sandal. Han nemnde den nye "Tenketanken" til fylkeskommunen. ”No er det viktig at vi får den over til praktisk handling, og eg tek sikte på at arbeidet er ferdig til fylkestinget før jul,” sa fylkesordføraren. Han uttrykte von om at vi til hausten får ein valkamp som handlar om lokale verdiar og ikkje vert for sentralstyrde. ”Lat oss ta utfordringane i fellesskap på ein offensiv måte. Folk krev noko av oss. Vi skal imøtekomme krava deira. Sogn og Fjordane er faktisk eit av dei mest verdiskapande fylka i landet,” avslutta Nils R. Sandal.
Publisert av: Henning Rivedal Dato: 12. juni 2007 - kl. 15:27
|