blank blank
Miljøsertifisering av verksemder og bedrifter

I Fylkesdelplan for klima og miljø er det vedteke at fylkeskommunen vil arbeida med miljøsertifisering, teknologisk forbetring, energieffektivisering og bruk av meir miljøvenlege energiformer. Som ein del av dette ligg det inne tiltak om å oppretta ei tilskotsordning som skal stimulera små og mellomstore bedrifter/ verksemder til å verta miljøsertifisert. 

Bedrifter/ verksemder skal kunna søkja denne ordninga om refusjon for inntil 50 prosent av sertifiseringskostnadane, og maksimalt kr 20 000. Det vert sett av kr 300 000 til tilskotsordninga og ordninga byrja å gjelde i 2011.

I dei aller fleste norske bedrifter og verksemder finn ein eit stort uutnytta potensiale for sparing innanfor ulike områder som energi, papirbruk, avfallsortering, transportbruk og liknande. Ved å miljøsertifisere verksemda kan ein samstundes som ein sparar miljøet, også spare pengar. Mange av sertifiseringsordningane har også krav knytt til HMT- tilhøva for dei tilsette i verksemda, og ein opplever gjennom ei sertifisering eit løft i desse tilhøva. Det er også eit aukande fokus på miljø, både i næringslivet og offentleg sektor. Miljømerka produkt vert etterspurt av miljøbeviste forbrukarar, og bedrifter og verksemder som er miljøsertifisert har i mange tilfeller eit konkurransefortrinn.

Ei miljøsertifisering gjer ein garanti om at verksemda tek miljøansvar på alvor og arbeidar for å forbetra seg innanfor dette området. Kva sertifiseringsordning dei ulike verksemdene vel er avhengig av kva type bedrift/verksemd det er og kva ein ynskjer å oppnå. ”Miljøfyrtårn” er ei god ordning for mange norske bedrifter og verksemder. Samstundes finn det andre ordningar som stiller andre, kanskje strengare krav, til sertifiseringa. Det er viktig at det vert enkelt å finna den ordninga som passar best for kvar enkelt bedrift/ verksemd. 

Dokument
Søknadsskjema
Kontaktperson(ar)
Viktige datoar
  • Frist for å søkje tilskot 2012 er 15. januar 2012 

Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 16. november 2011 - kl. 08:53


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012