Det er utarbeidd utkast til ein forvaltnings- og utviklingsplan for kvernsteinslandskapet i Hyllestad. Planen er tufta på ei områdeanalyse med verdivurderingar av kulturminne og landskap, sårbarheit og utviklingspotensial.
” Eit kulturelt landskap er eit landskap som engasjerer, inkluderer, gjev identitet og rom for deltaking. Det er ikkje ein bestemt arealkategori som skal vernast ! Kulturelle landskap skal sjåast på som verkstader, der ålmenta har tilgang til å involvere seg i omgjevnadane gjennom deltaking i arbeid, rekreasjon og anna oppleving og bruk som gjev høve til å skape ein eigen identitet i høve landskapet….( Erling Krogh, UMB).
Med dette som utgangpunkt har Aurland Naturverkstad, på oppdrag frå fylkeskommunen, utarbeidd ein plan for forvaltning og utvikling av kvernsteinslandskapet i Hyllestad.
Planen skal vere eit heilskapleg rammeverk for forvaltninga av landskaps- og kulturminneverdiane i det kulturhistoriske steinbrotslandskapet i Hyllestad kommune. Planen skal gje oversikt over viktige problemstillingar kring bruk og vern av kulturminna og skissere tiltak som kan gjennomførast for å fremje ei balansert forvaltning innafor dei rammene som kulturminnevernet set.
Innspel til planarbeidet kan rettast til Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Postboks 173, 6801 Førde, eller til postmottak@sfj.no.
Det vert også lagt ut to eksemplar av planen på kommunehuset i Hyllestad.
Kontaktpersonar i fylkeskommunen er Svein Arne Skuggen Hoff
og Eva Moberg
Kontaktperson i Hyllestad kommune er Astrid Waage.
tlf. 57 78 95 05, e-post: astrid.waage@hyllestad.kommune.no