Lindis Alme får Innovasjon Norge sin bygdeutviklingspris 2011 i Sogn og Fjordane. Med utgangspunkt i gardstunet Bestebakken, har ho utvikla eit tilbod med gjennomgåande svært høg kvalitet både på overnatting, matservering og aktivitetane som ho tilbyr.
Lindis Alme har i løpet av dei siste ti åra bygd opp eit høgkvalitets reiselivstilbod med utgangspunkt i eit nedlagt gardsbruk på Hafslo. Svært få hadde tru på prosjektet då ho starta opp, men vinnaren har utvikla eit unikt "sanseleg" tilbod med stor suksess, utan at det er blitt brukt ei krone på marknadsføring.
Bygdeutviklingsprisen er på 50 000 kroner og vart delt ut av juryleiar og styreleiar i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kjartan Longva, under opninga av fylkestinget på Leikanger tysdag 18. oktober.
Inspirerande og framtidsretta
Ho har eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Alme blir også mykje brukt som føredragshaldar for å inspirere andre med tema Suksessfaktorar og fallgruver og Frå nedlagt småbruk til ei sanseleg oppleving.
Juryen har spesielt merkt seg at Lindis Alme heile tida er utviklingsorientert. Ho har mellom anna utvikla ein eigen hudpleieserie som vert nytta i konseptet, med base i breleire frå området.
Sjølv om Bestebakken no har ei drift og ein økonomi som gjer at Lindis Alme kunne "lene seg tilbake", har ho nye spennande planar for å vidareutvikle verksemda. Det er nettopp dette som kjenneteiknar ein ekte gründer.
Satsing og økonomi
Det er lagt ned store investeringar på garden, men vinnaren har samstundes heile tida hatt fokus på å ha full kontroll på økonomien. Ho har lagt ned ein stor eigeninnsats i oppbygginga av tilbodet sitt og som typisk sunnmøring har vinnaren tenkt økonomi og kostnadskontroll heile vegen.
Det vert nytta mest mogeleg lokale ressursar når det gjeld mat og i tillegg samarbeider ho med mange lokale aktivitetsbedrifter i kommunen i sitt konsept.
Avgjerda i juryen var samrøystes. Som prisvinnar i Sogn og Fjordane går Lindis Alme vidare som kandidat til Innovasjon Norge sin nasjonale BU-pris, der det vert plukka ut ein vinnar som får 200 000 kroner.
Les òg
Markane Idrettslag får Trafikktryggingsprisen 2011