I dei fleste av våre småkommunar er det meir enn 25 % av dei sysselsette som er tilsette i kommunal forvaltning. I desse kommunane representerer kommunal forvaltning i røynda det einaste - eller det heilt avgjerande grunnlaget - for kompetansebaserte arbeidsplassar og for tilbakeflytting av personar som har fått seg slik utdanning. Utviklinga av kommuneøkonomien har stor betydning både for tenesteproduksjon og sysselsetting. Sentrale økonomiske hovudtal viser at kommunane i Sogn og Fjordane i sum har ein mindre robust økonomi enn landsgjennomsnittet. Det er særleg høg gjeldsgrad og låge disposisjonsfond som skil seg ut.
Driftsresultatet i kommunane
Sentrale økonomiske hovudtal viser at kommunane i Sogn og Fjordane i sum har ein mindre robust økonomi enn landsgjennomsnittet. Det er særleg høg gjeldsgrad og låge disposisjonsfond som skil seg ut. Utviklinga sett over dei siste fem åra, viser at fylket i slutten av perioden er nærare landssnittet enn i starten av perioden. I fylket vårt er det store ulikskapar mellom kommunane sin økonomi. Dette kjem først og fremst som følje av ulikt inntektsgrunnlag, særleg frå bruk og skattlegging av naturressursar.
Netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene viser kva kommunane har att etter at tenester og netto finansutgifter er dekte, og kan enten nyttast til investeringar eller avsetjingar til seinare bruk. Det er viktig at kommunane gjennom eit positivt netto driftsresultat kan byggje opp framtidige reservar (buffer) for å eventuelt møte uføresette utgifter eller reduserte inntekter. Mål på ein sunn økonomi er eit netto driftsresultat på minst 3 %, då vil kommunen ha rom for vedlikehald av formuen.

I 2007 utgiftsførde kommunane Vik og Bremanger store tap for Terra-plasseringar. 20 kommunar hadde positivt netto driftsresultat i 2010. Det er litt lågare enn i 2009, då 23 kommunar hadde eit positivt netto driftsresultat. Årsaka til dette er at i 2009 hadde kommunane samla sett større ekstraordinære inntekter på finansielle plasseringar og ubrukte midlar frå tiltakspakken. Det siste gjennom at midlane fullt ut vart inntektsførte i 2009, medan ein del av utgiftene kom først i 2010.Det er store variasjonar mellom kommunane, td. hadde Leikanger eit resultat på 9,7 % og Naustdal – 1,6 % .
Utviklinga over tid viser færre kommunar med akkumulert underskot, 7 i 2006 og 5 i 2010. Dette viser òg att i tal kommunar som er innmeldt i Robek-registeret, 16 kommunar i 2003/04 og 3 kommunar per august 2011.
Betring av likviditeten i kommunane
Likviditeten er i gjennomsnitt noko svakare for vårt fylke enn landet. Differansen mot landsgjennomsnittet utvikla seg negativt i 2010 samanlikna med 2009. Det er her og store variasjonar mellom kommunane. Hornindal har ein arbeidskapital på 69 % og Leikanger 62,5, medan Høyanger ligg på 2,4 % av driftsinntektene. Dei to kommunane som tapte pengar på plasseringar i Terra har negativ arbeidskapital, Bremanger -48,4 % og Vik -29,1 %. Ingen av kommunane hadde kassakredittlån ved siste årsskifte.
Høg lånegjeld i kommunane – men vi nærmar oss landet elles
Kommunane i fylket har høgare lånegjeld enn gjennomsnitt for landet. Utviklinga for kommunane er framleis ein sterkare vekst i gjelda enn driftsinntektene, men ikkje så mykje som for landsgjennomsnittet. er at gjelda aukar meir enn driftsinntektene. Mykje av årsaka til at gjelda er så høg her i fylket må vi heilt tilbake til 1960 – 1970 for å forklare. Det vart då gjort store investeringar i kommunale anlegg, m.a. skular, og behovet for å låne har seinare vore oppretthalde. Det er store differansar mellom kommunane. Flora har ei gjeld som er 127 % og Førde 120 % av driftsinntektene, medan Gulen ligg på 43 %. Det er òg ei utvikling at kommunane betalar prosentvis lågare avdrag i høve til gjelda, noko som betyr at lån blir seinare nedbetalt og sum renteutgifter aukar.
Har kommunane noko i reserve?
Disposisjonsfonda i kommunane er oppsparte midlar som fritt kan nyttast til finansiering både i drifts- og investeringsregnskapen. Ved å undersøke denne, kan vi seie noko om storleiken på økonomisk buffer kommunen har for sin løpande drift. Kommunane i Sogn og Fjordane har i perioden hatt ein lågare økonomisk buffer enn gjennomsnittet for landet. Normtal for ein tilstrekkeleg økonomisk buffer er sett til 5 % av driftsinntektene. Etter fleire år med reduksjon i disposisjonsfond, var det ei positiv utvikling i 2010. Ved utgangen av 2010 var det fire kommunar i fylket som ikkje har disposisjonsfond, ei halvering frå 2009. I 2006 var det heile 10 kommunar som ikkje hadde slike fond.
Relevante lenkjer:
Kostra
Statistikkbanken