Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at alle elevar som startar på Vg1 hausten 2010 skal nytte berbar datamaskin i opplæringa.
Du kan velje mellom 2 alternativ:
- Dersom du har eiga maskin, kan du bruke denne. Maskina må tilfredsstille visse minimumskrav. Om du vel denne ordninga, får du ingen kostnader ut over kostnaden til maskina. Du vil få tilgang til dei same applikasjonane som elevar som vel fylkeskommunal pc.
- Fylkeskommunen skaffar deg datamaskin med naudsynt programvare. Du betalar ein eigendel på kr. 870,- pr. år i tre år (gjeldande sats i 2010). Etter avslutta vidaregåande opplæring, overtek du maskina vederlagsfritt.
Alternativ 1: Bruk av eiga maskin
Om du ynskjer å bruke di eiga maskin er det høve til det. Du må då ha ei maskin som oppfyller desse minstekrava:
- Berbar maskin som køyrer Windows, OSX (mac) eller Linux.
- Trådlaust nettverk (minimum 802.11b)
Bruk av eiga maskin er kontraktfesta. Kontrakten kan lastast ned her.
Alternativ 2: Kjøp gjennom fylkeskommunen
Alle elevar som vel alternativ 2 får tilbod om følgjande modell:
Lenovo ThinkPad Edge 13 med Targus laptop skin (Neoprene) med operativsystemet Windows 7 Home Premium
- AMD Athlon™ Neo X2 Dual-Core L325
- 13.3”, 16:9 HD (1366 x 768), LED
- 1,7 kg
- 2 GB Memory (1 ledig plass)
- 160G HD 5400RPM
- 5 i 1 minnekortlesar
- Webkamera
- NB: Ikkje optisk drev (DVD-lesar)
Programvare
Alle elevar får tilgang til ei rekke program. Dei som vel alternativ 1, må installere dei ved å klikke på lenkene under. Dei som vel alternativ 2, får programvaren ferdig installert. (Ikkje alle desse programma kan leverast for Mac/ Linux). Lenkene vert oppdaterte i august.
- OpenOffice 3.2 (nynorsk)
- Evernote
- PDFCreator
- PDF SAM
- Adobe Acrobat Reader
- Firefox
- Microsoft Security Essentials
- VLC
- Schockwave
- Flash
- Silverlight
- Java
- GeoGebra
- Kalkulator –ParAbel
- Gimp
- Paint.net
- Freemind
- Audacity
- Google Earth
- Google Sketchup
- Picasa
- Photostory
- FFDshow
- Wxmaxima
Programvare for ordbokfunksjonar er ikkje førehandsinstallert, men vil vere tilgjengeleg ved skulestart.
MS Office
Datamaskinene vert leverte utan MS Office installert. Dette programmet kan du som elev kjøpe på skulen for ca. kr. 500,-. Dette gjeld alle elevar, også dei som vel å bruke si eiga maskin.
Bestilling
Når du tek til på skulen, vil det vere eit lager med maskiner på plass. Dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet, må du signere ein kontrakt som vert levert ut på skulen ved skulestart. (Døme på denne kan du laste ned her) Kontrakta skal signerast og leverast attende til skulen innan 25. august. Du vil motta PC straks etter at avtala er signert. Vi kan risikere å måtte bestille inn fleire maskiner enn det vi har tilgjengeleg ved skulestart. Du må då vente i ca. 5 veker før maskina vert levert.
Kontrakt
I kontrakten står alt du treng å vite om eigarforhold, ansvar mm. Hovudpunkta er:
- Avtala varer frå du signerer kontrakten og til siste beløp er betalt.
- Kostnad for deg vert 870,- pr. år. i 3 år. (Satsen på 870,- kr. kan auke år 2 og 3)
- Du overtek maskina utan kostnad når siste beløp er betalt
- Maskina har 3 års garanti med forsikring som dekkar uhell ut over dette.
- Maskina skal handsamast forsvarleg, du er sjølv ansvarleg for drift og vedlikehald.
Dokument til nedlasting
Brosjyre som vert sendt ut til alle som fåt tilbod om plass (pdf)
Avtale om kjøp av berbar datamaskin gjennom fylkeskommunal avtale (pdf)
(Dette er eit eksemplar til gjennomlesing. Skal ikkje signerast og sendast inn.)
Avtale om bruk av eiga datamaskin i opplæringa (pdf)
(Dette er eit eksemplar til gjennomlesing. Skal ikkje signerast og sendast inn.)
Forsikringsvilkår Think Pad Protection
Oversikt (pdf)
Detaljerte forsikringsvilkår (engelsk)(pdf)
