Stadig fleire verksemder i Sogn og Fjordane ønskjer å verte sertifiserte som miljøfyrtårn. Med berre tre sertifisørar i fylket tek dette lenger tid enn ønskeleg. Fylkeskommunen lyser difor ut midlar for at kommunane skal kurse tilsette til å bli sertifisørar
Både private og offentlege verksemder kan bli miljøsertifiserte. Dette er eit bevis for at dei er opptekne av klima og miljø, noko som vert viktigare når verksemder skal marknadsføre seg sjølve. Miljøsertifiserte verksemder sparer også miljøet, på både kort og lang sikt.
Førstemann til mølla
Det er kommunane som har fullmakt til å miljøsertifisere verksemder. Ideelt sett skulle kvar kommunane hatt ein sertifisør.
Det første kurset for å verte miljøsertifisørar er i februar 2013. Kommunane kan søkje om inntil 10 000 kroner per sertifisør, og midlane vert fordelte etter førstemann til mølla-prinsippet. Det er berre kommunar som alt er medlem av miljøfyrtårn-nettverket som kan utdanne sertifisørar.
Kommunar som står utanfor dette nettverket kan likevel søkje om midlar til kursing. Dei må då leggje ved ein tidsplan for når og korleis dei ønskjer å verte medlemmar.
For meir informasjon
Ylva Torillsdotter Tyssing
tlf. 57 65 61 97