blank miljotilskot blank
Tilskotsmidlane for 2011 vert no lyste ut
Med bakgrunn i vedteken fylkesplan, fylkesdelplan for klima og miljø og Fredrikstad-erklæringa utlysar fylkeskommunen no Lokal Agenda 21-midlar for 2011

Fylkeskommunen har som mål at desse midlane skal stimulera til engasjement og samarbeid om Lokal Agenda 21-arbeid rundt om i kommunar og lokalsamfunn. Målgruppa er
kommunar og kommunale institusjonar (med særleg vekt på grunnskulen) og lag / organisasjonar.
 
Målet er å bidra til ei bærekraftig samfunnsutvikling som sikrar livskvalitet og livsgrunnlag både i dag og for kommande generasjonar, og stimuler til at aktivitetane i våre lokalsamfunn skjer innanfor naturen si bæreevne både lokalt og globalt.
 
Dersom du har nokre spørsmål knyta til Lokal Agenda 21 kan du ta kontakt med Elisabeth Veivåg Helseth, telefon 57 65 62 93/ 922 84 041.

Søknadsskjema.

Søknadsfrist er 15. januar 2011.


Publisert av: Thor Kristian Sortevik
Dato: 26. november 2010 - kl. 12:17


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012