Samfunnsansvar i offentlege innkjøp vil seie å stille krav til at alle innkjøp som vert gjorte skal vere i tråd med etiske retningslinjer. Dette vil seie at varene og tenestane skal vere produserte under juridiske og etiske forsvarlege forhold.
Som innkjøpar i det offentlege er dette omsyn som du må ta i innkjøpsprosessen.
Etisk handel har utarbeida ein rettleiar til etiske krav i offentlege innkjøp.
Direktoratet for ikt og forvaltning sine sider om samfunnsansvar og etisk handel gir og ei rekkje rettleiarar for korleis dette skal gjennomførast i ein anbodsprosess.