Sogn og Fjordane har lukkast i å etablere ein robust infrastruktur gjennom partnarskap for
folkehelse, som fungerar som modell for andre fylker. Folkehelseprogrammet arbeider også med
temaområda:
- Rusførebygging
- Snus og tobakk
- Fysisk aktivitet
- Ernæring og kosthald
- Skader og ulukker
- Psykisk helse
- Levande og inkluderande lokalsamfunn
- Ny kunnskap
Store delar av tiltaka på folkehelsefeltet skjer i gjennom fylkesplanprogrammet. Aktiviteten har
vore omfattande og skjer i samarbeid med mange ulike aktørar i fylket. Frivillige
organisasjonar deltek i vesentleg grad. I fylkeskommunen er det tett samarbeid på tvers
av avdelingane og med vidaregåande skule. Tannhelse og universell utforming er område
som dei siste åra er vorte tett kopla til folkehelsearbeidet både regionalt og i kommunane.
Deltakarar:
Åshild Kjelsnes, leiar (fylkespolitikar)
Bjørg Eikum Tang (fylkesmannen)
Kari Aaberge (Høgskulen),
Bjørn Lødemel (Nordfjordrådet)
Emma Bjørnsen (fylkeskommunen, sekretær med hovudansvar)