blank blank
Tannhelse
Kurvene syner utviklinga i tannhelse blant 5-, 12- og 18-åringar i fylket i perioden 2003–2010. Tabellen syner utviklinga i prosent feilfrie individ for kvar aldersgruppe. Til høgare tal, til betre er tannhelsa i Sogn og Fjordane. Det er naturleg at 5-åringane har betre tannhelse enn 12- og 18-åringane. Karies er ein sjukdom som utviklar seg over tid, og det vil etter kvart som den enkelte vert eldre, verte større sjansar for at det har blitt hol i tennene. Tannhelse blant barn og unge i Sogn og Fjordane ligg over landsgjennomsnittet.

Pasientar som er cariesfri i Sogn og Fjordane frå 2003 til 2010 samanlikna med heile landet: Kilde: Sogn og Fjordane fylkeskommune5-åringar
Det er hol i mjølketennene som blir talt for 5-åringane. Utviklinga blant 5-åringane har vore svært god i perioden 2003–2010. Frå 64 prosent feilfrie i 2003 til 83 prosent feilfrie i 2010. Dette skuldast at det på midten av 1990-talet var ein stor debatt om fluor og fluorbruk som enda med klare råd om bruken. Men det vart under denne debatten oppfatta at det ikkje skulle brukast fluor i det heile, og dette resulterte i ei forverring/stagnasjon i tannhelsa for gruppa fram mot 2003. Det har også vore lagt mykje vekt på tannhelse i perioden, og samla er no foreldre svært flinke til å følgje opp barna sine når det gjeld tannhelse. Dei gode vanane foreldra gjev borna dreg dei ofte med seg seinare i livet. Dette vil på  sikt gje betre tannhelse. Det har også vore sett søkjelys på generell folkehelse, noko som også gjev betre tannhelse. Med 83 prosent feilfrie individ blant 5-åringane i 2010, kan vi vente ei stadig betring blant 12- og 18-åringane i åra som kjem. For 5-åringane vil nok betringa flate ut og stabilisere seg. Vi er no på eit så høgt nivå at det er vanskeleg å sjå føre seg ei ytterlegare stor betring.

12-åringar
Det er også ei positiv utvikling i tannhelsa blant 12-åringane i Sogn og Fjordane. I 2003 var 47 prosent feilfrie, og i 2010 var 58 prosent feilfrie. Utviklinga er ikkje så god som blant 5-åringane. Dei som var fem år i 2003 er med i statistikken som 12-åringar i 2010. Det er difor naturleg å vente ei stadig betring i tannhelsa blant 12-åringane i åra framover. Utviklinga vil så flate ut om nokre år på grunn av det som er venta blant 5-åringane.

18 åringar
Utviklinga for 18-åringane har ikkje vore like god som blant 5- og 12-åringane. I 2003 var 23 prosent av 18-åringane feilfrie, og i 2010 var talet 19 prosent. Debatten rundt fluorbruk på 90-talet kan ha mykje av skulda for at tannhelsa har flata ut og gått tilbake i perioden. Dei som var 18 år i 2010 var fødde i 1992. Dei har nok måtte lide for det som skjedde med fluorbruk på 90-talet. Med det sukkerinntaket nordmenn har i dag, ville vi hatt ein kariesepedemi utan fluor. Vi ventar at utviklinga blant 18-åringane i åra framover betrar seg i takt med det vi i dag ser blant 5- og 12-åringane. Dei som var 18 år i 2003 var 5 år i 1990 og 12 år i 1997. Det tek altså 13 år frå dei som er inne i statistikken som 5-åringar kjem med som 18-åringar. Dei som er 5-åringar i 2010 er 18 i 2023, og det blir spanande å følgje utviklinga for alle grupper i tida framover.

Tilsvarande statistikk og figurar finn du for alle kommunane på kommunesida.

Relevante lenkjer:


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 22. desember 2011 - kl. 12:13


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012