blank blank
Arbeidsmarknad
Arbeidsløysa er generelt låg i Sogn og Fjordane, både samanlikna med andre fylke og i eit internasjonalt perspektiv. Det er likevel ein del variasjonar mellom kommunar og regionar innan fylket. Særleg ser vi forskjellar mellom kystkommunar og innlandskommunar. Det er ein klår tendens at arbeidsløysa er høgast langs kysten. Dette har samanheng med næringsstrukturen, og arbeidsløysa er høgast i kommunar med monaleg innslag av fiskeindustri og verkstadindustri. Det er også store variasjonar i arbeidsløysa over tid, og det er normalt at arbeidsløysa går i bølgjedalar. Sidan hausten 2010 har vi hatt ein nedgang i arbeidsløysa i dei fleste kommunane.

Arbeidsløysa i Sogn

Arbeidsløysa i SognArbeidsløysa i Sogn er generelt svært låg. Berre Aurland og Høyanger skil seg ut med høgare arbeidsløyse enn dei andre kommunane. I åra frå 2000 til 2008 hadde Aurland noko høgare arbeidsløyse enn dei andre kommunane i Sogn. Tala på heilt ledige er likevel forholdsvis låge, og det er ikkje nokre næringar som skil seg ut med spesielt høg arbeidsløyse. I Høyanger auka arbeidsløysa sterkt frå 2008 til 2009 på grunn av konkursen til Fundo. I 2010 og 2011 gjekk arbeidsløysa sterkt ned att, og Høyanger er nesten ned nede på same nivå som dei andre kommunane.

 

 

Arbeidsløysa i HAFS-kommunane

Arbeidsølyse i HAFS-kommunaneHAFS-kommunane er små kommunar i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord. Hyllestad skil seg ut med svært høg arbeidsløyse i 2004. Kommunen hadde også høgare arbeidsløyse enn resten av regionen i 2010. Dette skuldast at kommunen er svært avhengig av skipsverftet Havyard, og at det er mange arbeidsinnvandrarar i kommunen. Også Askvoll og Solund har i periodar hatt ei høg arbeidsløyse. Desse kommunane har eit innslag av verft (Solund) og fiskeindustri (Askvoll), som er påverka av konjunkturar. Fjaler og Gulen har jamt over hatt låg arbeidsløyse.

 

 

Arbeidsløysa i Sunnfjord

Arbeidsløysa i SunnfjordFlora er ein av kommunane i fylket med høgast arbeidsløyse. Kommunen har mykje konjunkturutsett fiskeindustri og verkstadindustri. Skipsverftet STX har nedbemanna mykje dei siste åra. Dei andre kommunane i regionen har forholdsvis låg arbeidsløyse, men Førde og Naustdal har i periodar lege litt høgare enn Gaular og Jølster. I 2011 hadde alle kommunane ein reduksjon i arbeidsløysa.

 

 

 

Arbeidsløysa i Nordfjord

Arbeidsløysa i NordfjordNordfjord er den regionen i fylket der ein tydelegast ser skilnadane mellom kyst og innland. Det er ein klår tendens at arbeidsløysa blir lågare di lenger inn i fjorden ein kjem. Dette har samanheng med næringsstrukturen, særleg kva type industri som er dominerande. Selje, Vågsøy og Bremanger har høgast arbeidsløyse. Desse kommunane har eit stort innslag av fiskeindustri, skips- og båtbyggingsindustri, samt metallindustri (Bremanger). I Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn er det trevareindustri, tekstilindustri og næringsmiddelproduksjon (ikkje fisk) som dominerer. Desse kommunane har også eit meir variert næringsliv enn kystkommunane.

 

Ledige stillingar

NAV registrerer alle ledige stillingar som blir offentleg utlyste. Dette gjeld både stillingar som blir lyste ut gjennom aviser og tidsskrift, og stillingar som blir melde til NAV. Ei undersøking har tidlegare vist at berre om lag 40 prosent av alle stillingar blir lyst ut offentleg. Statistikken over tilgangen av ledige stillingar, definert som alle ledige stillingar som kjem til i løpet av eit år, kan likevel gje eit inntrykk av utviklinga i etterspurnaden etter arbeidskraft. Når vi ser tilgangen av ledige stillingar i prosent av arbeidsstyrken, ser vi store variasjonar over tid og mellom kommunane. Stillingstilgangen var høg ved inngangen til 2000-talet og rundt 2006 og 2007. Dette fell saman med høgkonjunkturar i arbeidsmarknaden.

Stillingstilgangen i Sogn

Stillingar SognI Sogn har utviklinga i stillingstilgangen stort sett følgt konjunkturane. Etter toppar i 2000 og 2007, har stillingstilgangen gått ned dei siste åra. Sett i forhold til arbeidsstyrken, er stillingstilgangen høgast i Aurland (særleg høg innan reiseliv og transport) og lågast i Vik.

 

 

Stillingstilgangen i HAFS-kommunane

HAFS stillingarHAFS-kommunane er små kommunar i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord. Her var stillingstilgangen særleg stor i åra 2006 til 2008. Særleg Gulen og Hyllestad hadde stor stillingstilgang i desse åra. Helse, pleie og omsorg har stått for ein stor del av stillingstilgangen i desse kommunane. Askvoll har jamt over hatt lågast stillingstilgang i denne regionen.

 

Stillingstilgangen i Sunnfjord

Sunnfjord stillingarOgså i Sunnfjord følgjer stillingstilgangen stort sett konjunkturane. Førde peiker seg ut med høgare stillingstilgang i forhold til arbeidsstyrken enn dei andre kommunane i regionen. I Førde står butikk- og salsarbeid og helse, pleie og omsorg for ein stor del av stillingstilgangen.

 

 

Stillingstilgangen i Nordfjord

Nordfjord stillingarI Nordfjord-kommunane følgjer ikkje utviklinga i stillingstilgangen konjunkturane like tydeleg som i dei andre regionane, men også her er det toppar i 2000 og i 2007. Det er også mindre forskjellar mellom kommunane her enn i dei andre regionane. Likevel ser vi at Eid og Stryn stort sett ligg blant dei høgaste i regionen, mens Selje ligg lågt.

 

 

Relevante lenkjer:
Arbeidsmarknadsstatistikk på heimesida til NAV Sogn og Fjordane
Pressemeldingar frå NAV Sogn og Fjordane om utviklinga på arbeidsmarknaden
Arbeidsmarknadsstatistikk på nav.no


Publisert av: Jo Tore Kristoffersen
Dato: 2. mai 2012 - kl. 12:59


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2012