Tiltak som kan støttast er enøkanalyser, enøkinvesteringar i bygningar og driftsanlegg, opplæring av nøkkelpersonell, samt haldningsskapande arbeid/informasjon retta mot innbyggjarane i fylket. For søknader om støtte til investeringar i bygningar og driftsanlegg, vil det normalt bli stilt krav om gjennomført enøkanalyse. Med unntak for haldningsskapande arbeid/informasjon er støtte-ordninga berre tilgjengeleg innfor kommunalt og fylkeskommunalt verkeområde.
Det er tildeling éin gong for året. Fylkesutvalet er fondsstyre. Støttesatsane som vert brukte ved tildeling, går fram av vedlegg. Vedtekter for fondet ligg også ved. Sogn og Fjordane fylkeskommune oppretta i 2003 eit enøkfond med ein grunnkapital på 10 millionar kroner. Maksimal tildeling for 2012 er 2 millionar kroner.
Dersom tiltakshavar får eller burde få støtte frå andre, kan støtte frå enøkfondet verte avkorta. Vi oppmodar om å sende søknad til Enova og ev. andre der det er relevant. Fylkeskommunen sine fondsmidlar kan dermed utløyse fleire tiltak. Støtte til tiltak som uavhengig av støtte er svært lønsame, kan også verte avkorta.
Søknad om støtte til investeringar i bygningar og driftsanlegg må settast opp slik at energisparepotensialet ved dei ulike tiltaka kjem tydeleg fram. Vedlagde støttesatsar syner kva opplysningar vi her er ute etter. Slike data bør vere tilgjengeleg frå gjennomført enøkanalyse.
Vi ber om at søkjarar som ikkje har løyst ut støtta dei har fått, opplyser om status for tiltaka sine.
- Søknadsfrist 1. april 2012