blank prosjektkoordinatorar FYR-prosjektet
Britt Iren Nordeide (t.v.), Kristin Befring og Geir Løland er koodinatorar for FYR-prosjektet i Sogn og Fjordane og deltok på planleggingsdagen på Øyrane. (Foto: Sissel Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
blank
Fyrte i gang skuleåret med FYR-prosjektet
Fellesfag, yrkesretting og relevans (FYR) var tema då lærarane ved Øyrane vidaregåande skule tok fatt på det nye skuleåret. Dei brukte planleggingsdagen til å diskutere korleis dei kan gjere fellesfaga norsk, engelsk og matte i yrkesfaglege utdanningsprogram meir relevante mot arbeidslivet.

FYR-prosjektet har som mål å få fellesfaga meir yrkesretta. For å få dette til skal lærarane som underviser i fellesfaga samarbeide tettare med lærarane som underviser i programfaga.

– Programfaglærarane må vite kva elevane skal vere gode på i yrket sitt, sa Britt Iren Nordeide, som er ein av tre prosjektkoordinatorar i FYR i Sogn og Fjordane.

Dei var med på planleggingsdagen og innleidde med å vise korleis dei ulike fagområda kan leggje opp til meir yrkesretting.

Meistring er nøkkelen til auka gjennomføring
Lærarane på Øyrane vidaregåande diskutere korleis dei kan samarbeide tettare om yrkesretting. Kvart programområde lagde minst to tverrfaglege opplegg der dei koordinerte kompetansemål frå fellesfag og programområde. Lærarane kom med mange kreative løysingar, og alle avdelingane presenterte kva opplegg dei vil arbeide med dette skuleåret.

– Nøkkelen til auka gjennomføring i vidaregåande opplæring er å få elevane motiverte og få dei til å meistre. Vi må difor ha ei undervisning der elevane får ei kjensle av å meistre gjennom relevant undervisning, sa Nordeide.

Øyrane er knutepunktskule
Øyrane vidaregåande er knutepunktskule for yrkesretting i Sogn og Fjordane. Det betyr at skulen er del av eit nasjonalt nettverk der ein lærar i kvart av fellesfaga tek del. Desse prosjektkoordinatorane deler så kunnskap med kollegaer i heile fylket.

Yrkesretting av fellesfaga er ein del av Ny GIV-overgangsprosjektet, som skal lette overgangen mellom grunnskulen og vidaregåande.

For meir informasjon
Sissel Espe
prosjektleiar Ny GIV-overgangsprosjektet
e-post: sissel.espe@sfj.no  
telefon: 481 52 638


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 16. august 2012 - kl. 14:15


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013