Noreg har alltid vore ein fiskerinasjon. Ein lang kyst med vide havgrunner og mange fjordar gjev Noreg gode føresetnader for å hauste frå havet. Mykje areal og reint vatn er òg til det gode for å dyrke havet, og akvakulkturnæringa har hatt ein enorm vekst også i Sogn og Fjordane.
Fiskeri
Fisket i norske farvatn har historisk sett variert kraftig. Overfiske og naturlig variasjon av bestandar forklarer mykje av dette. Etter eit historisk lavmål i 1990 har den norske fangsten blitt nær dobla. I same periode har både talet på fiskarar og fartøy blitt redusert med meir enn en tredjedel. I dag har 10 200 personar fiske som sitt hovudyrke, i Sogn og Fjordane er dette talet om lag 600.
Figuren til høgre viser kor mange som hadde fiskeri som hovudnæring og binæring i Sogn og Fjordane frå 1985 og fram til i dag.

Sjølv om talet på fiskarar og fartøy har gått ned, er ikkje kvantum ilandført fisk redusert. Figuren viser at Fartøy frå Sogn og Fjordane i stor grad leverer i heimfylket.
Havbruk
Akvakultur av fisk i Noreg starta for alvor på byrjinga av 1980-tallet, og produksjonen har sidan den tid auka. Figuren til venstre viser korleis produkjonen fordeler seg mellom fylka. Sogn og Fjordane står for om lag 8,5 % av produksjonen i landet.
Sysselsetting i akvakultur
Utviklinga går frå færre lokaleigde til store nasjonale selskap, medan sysselsettinga held seg stabil.
Figuren til venstre viser sysselsettinga innafor akvakulturnæringa har vore stabil i perioden 1985-2010

Kartet viser akvakulturlokalitetane for produksjon av laks og aure i Sogn og Fjordane, kor det produserast matfisk, setjefisk og kor slakteria er lokalisert.
Relevante lenkjer:
Statistikk fra akvakultur
Statistikk fra fiskeri