blank blank
Oppfølging av fylkesplan
Fylkeskommunen har som leiar av den regionale partnarskapen eit totalansvar for oppfølginga av fylkesplanen.

Vidare har fylkeskommunen eit ansvar som drifts- og tenesteytar. Her utviklar ein eigne tiltak i høve fylkesplanen.

Tosidig samarbeid med andre aktørar, særleg kommunane, er viktig og budsjettarbeidet er ein arena for å ta imot innspel utanfrå.

Større deler av oppfølginga blir gjort i samarbeid med andre aktørar:

  • Innovasjon Norge
  • Felles regionalt utviklingsprogram (fellesRUP)
  • Regionvise utviklingsprogram
  • Kommunale næringsfond
  • Internasjonalt arbeid

Det er lagt opp til at budsjettprosessen skal styre fordelinga av midlar mellom dei ulike arenaene og aktørane. Følgjeleg er det regionale utviklingsprogrammet (RUP) i Sogn og Fjordane ein integrert del av årsbudsjettet.

Linkar:

Fylkestinget sitt vedtak til Budsjett 2010 / økonomiplan 2010-2013


Publisert av: Roar Nesset
Dato: 2. august 2010 - kl. 12:15


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 02/03/2012