blank blank
Fartøyvernplan
FartøyvernMålet med fartøyverneplanen er å få oversikt over bevaringsverdige fartøy i Vest og Sør-Noreg, og vurdere kva for type fartøy som er representative for dette området si kulturhistorie. Planen inneheld felles strategiar for å nå måla desse fylka set seg i arbeidet med fartøyvern.
 
Fartøyverneplanen er utarbeidd av Norsk Sjøfartsmuseet i samarbeid med Bredalsholmen Dokk og fartøyvernsenter, på oppdrag av det tidlegare SAVOS (Samarbeidsrådet for Vest- og Sør-Norge). Samarbeid innafor fartøyvernet i dei seks fylka: Aust-Agder, Vest-Agder, Rogalnd, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
 
Hovudmålet med denne planen er at fylka skal få eit betre grunnlag i arbeidet med sitt eige fartøyvernengasjement. Planen inneheld ein katalogdel der det er gjort greie for dei verneverdige farty i kvart fylke. På bakgrunn av hovudtrekka i regionen sin kulturgeografi og det tradisjonelle næringsliv, avspeglar det seg kva typar og kategoriar farty som har spelt ei særskilt rolle på denne delen av norskekysten. Eit aktivt og godt fartyvern er i stor grad bunden av at den frivillige innsatsen vert stimulert og fylgt opp av kommunane og fylkeskommunen.
 
Regionalt finst det kystkultursenter og maritime museum/samlingar, bedrifter og frivillige organisasjonar som er ein ressurs i vernearbeidet. For å utnytte ressursar og kompetanse på beste måte må det praktiske vernearbeidet kunne nytte den kontakt og samarbeid som det tradisjonelt finst over fylkesgrensene.
 
Utgangspunktet er at fylkeskommunen skal vurdere kva farty som har størst kulturhistorisk verdi og som syner samferdsel og næringslivsutvikling innafor eige område.
Riksantikvaren si oppgåve skal ideelt avgrensast til å komplettere utvalet av farty, om det skulle vise seg naudsynt i høve til det som er representativitet på nasjonal nivå.
 
Den sentrale problemstillinga er om ein ønskjer at ansvaret for fartyvern skal forvaltast sentralt eller regionalt, slik det i dag er tilfelle for bygningsvern og kulturminner under vatn.
 
Norsk Sjøfartsmuseum presenterer to konkrete modellar: overføringsmodellen og SAVOS- modellen, som kan realiserast kvar for seg eller samla. Modellane inneheld ein avgrensa overføring av Riksantikvaren sin forvalting av tilskotsmidlar og begge inneheld fylkeskommunale tilskot.
Sogn og Fjordane fylkeskommune gjorde i 2002 vedtak om at dei sluttar seg til SAVOS-sin Fartøyvernplan. Overføringsmodellen som denne planen inneheld er ein prøveordning der dei fylkeskommunale tilskota til fartyvernet utløyser likelydande tilskot frå Riksantikvaren sine tilskotsmidlar til fartyvernet. Tilskotet frå riksantikvaren vert overført slik som tilskota til regionale kulturminne tiltak vert i dag. SAVOS- modellen er ei skisse til regionalt samarbeid innafor det tidlegare SAVOS-området.
Dette er eit framlegg til eit stort samarbeidsprosjekt. Her er det ein forutsetting at alle dei seks fylka deltar. Prosjektet kan gjennomførast uavhengig i kva grad overføringsmodellen vert realisert. Samarbeidsprosjektet går ut på å definere seks store fartytypar/kategoriar som har vore typisk for regionen. Fartya skal ha heimehamn i kvart sitt fylke, men dei skal inngå i eit mobilt formidlingsopplegg lang kysten. Istandsetjing/ konservering skal skje etter prioritert rekkefølgje.
 
Norsk Sjøfartsmuseum tilrår at prosjekta i hovudsak får karakter av konservering/sikring og i mindre grad blir rekonstruksjonsprosjekt. Målet må vere å sikre nyare autentiske farty før dei forsvinn ut av landet, vert hogd opp eller forfell.
 
Du kan lese meir om ny nasjonal verneplan for fartøy 2010 -2014 hos Riksantikvaren.

Publisert av: Eva Kristin Svidal
Dato: 26. august 2010 - kl. 10:05


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/24/2013