|
Stor etterspurnad etter faglært arbeidskraft i bygg- og anleggsbransjen
Bygg- og anleggsnæringa i Sogn og Fjordane vil i år ha behov for 150 nye arbeidsplassar. Stryn vidaregåande skule aukar opp tilbodet med ei eksta klasse innan VG1 bygg- og anleggsteknikk til hausten. Auken i tal elevar vil vere eit godt bidrag til å møte det stadig aukande behovet bransjen har etter faglært arbeidskraft.
|
|
2012.02.03 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Gull-, sølv- og bronsemedalje i EM i skiskyting!
Johannes Thingnes Bø har vunne vann gull i mix-stafetten, sølv på 15 km og bronse på jaktstarten i Osrblie i Slovakia.
Vi gratulerer!
|
|
2012.02.03 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Johannes avgjorde EM-GULLET!
Johannes Thingnes Bø tok si andre EM-medalje under meisterskapen i Osrblie i Slovakia i går. Ifølgje den internasjonale skiskyttarunionen sine nettsider var det Johannes som avgjorde gullkampen for Norge. På bildet ser vi det norske vinnarlaget.
Vi gratulerer Johannes med innsatsen og seierane!
|
|
2012.01.31 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Medaljedryss til skiskyttarane våre!
Johan Eirik Meland vart juniornorgesmeister i klasse 18 år på fellesstarten på Lillehammer fredag. Under Norgescuprennet laurdag vann Isak Flo Bødal klasse 17 år. På NM mixstafetten søndag tok Heidi Flo Bødal, Jarle Midthjell Gjørven og Johann Eirik Meland sølv i klasse 17-19 år. Helene Otterdal var med og tok bronse (8 sek frå gull) saman med førdianarane Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø i klasse 17-21 år.
Vi gratulerer elevane med innsatsen og seierane!
|
|
2012.01.30 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Studieorienteringsdag ved Stryn vidaregåande skule
Fredag 27.januar er det studieorienteringsdag for avgangselevane. Det vert informasjon om høgare utdanning, gradstruktur, søknadsprosess og opptakskrav. Ulike høgskular og universitet vil informere frå stands og i Auditoriet. Sjå vedlagde plan for dagen.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Fylkesordføraren som vil løfte omdømmet til Sogn og Fjordane
- Når fylket først skulle få si første kvinne som fylkesordførar, må det kunne seiast at vi fekk ei dame med ein spennande profil. 152 centimeter på strømpelesten plasserer henne i klasse med Elisabeth Taylor, Brenda Lee og Dolly Parton når det gjeld høgde over havet. Klatreruta hennar til topps i politikken gjekk utanfor dei hevdvunne rutene.-
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ungdomspolitikarar diskuterte framtida med finansministeren
Finansminister Sigbjørn Johnsen inviterte mandag 23. januar ungdom frå heile landet til å diskutere korleis Norge skal vere i framtida. – Det var både kjekt og lærerikt. Vi hadde gode diskusjonar og fekk fram det vi ville. Vi fekk også inntrykk av at politikarane tok oss på alvor og tek med seg innspela våre vidare, seier nestleiar i Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane Vilde Tøfte Øvstetun.
|
|
2012.01.26 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Karolineprisen til Johannes Thingnes Bø
Laurdag vart Johannes Thingnes Bø tildelt Karolineprisen for 2012 som landets største skiskyttartalent.Fredag vart han teken ut til junior-EM i skiskyting. Utdelinga av Karolineprisen skjedde under ei tilstelling ved Wang Toppidrett i Oslo. Juryen si grunngjeving var bl.a.; Han har topp prestasjonar i alle skulefag. Samstundes er han grossist i NM-titlar i si klasse, og utfordrar verdas beste skiskyttarar i seniorklassa. Et flott ideal for annen ungdom og en verdig vinner som lever opp til Karolineprisens intensjon.
|
|
2012.01.22 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Informasjon til elevar og foreldre, Elevundersøkinga 2012
Føremålet med elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er at elevane skal få seie si meining om læring og trivsel på skulen. Resultata frå elevundersøkinga blir ikkje sletta, men lagra etter forskriftene, og nytta av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet.
Sjå ytterleg informasjon under Les meir
|
|
2012.01.19 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Ivrige elevar på VG2 Byggteknikk
Elevane på VG2 Byggteknikk har spennande utfordringar i Prosjekt til fordjuping. Med fagleg rettleiing frå læraren får dei her prøvd ut kunnskapane og ferdigheitane sine i oppføring av eit garasjebygg. Bygg- og anleggsteknikk er eit populært utdanningsprogram på Stryn vidaregåande skule, og til neste skuleår aukar vi opp tilbodet til to klassar på VG1 nivå.
|
|
2012.01.19 av Johanne Elisabet Sørdal
|
[Les meir...]
|
|
Stryn vidaregåande skule 100 år
|