Sogndal Idrettshall er ein fleirbrukshall eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan Sogndal vidaregåande skule har ansvaret for den daglege drifta. Hallen har full handballbane med parkettgolv som kan delast i 4 små salar. Symjehallen har konkurransemål, 12x25, og er oppvarma til revmatikarbading ein gong i veka. Hallen er nyleg pussa opp og held god standard med omsyn til naudutgangar, lys og varme.
På dagtid er det Sogndal vgs som er hovudbrukar av hallen, i tillegg vert symjehallen brukt av alle grunnskulane i kommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Kveld og helg er det SIL handball , Fjøra handball, SIL symjegruppa, SIL volleyball, Norane IL, elevar ved Sogndal vgs, ulike mosjonsgrupper, Sogndal og Leikanger revmatikarforeining, Sogndal kommune, offentleg bading og bedriftstilbod til Sogndal vgs og Høgskulen i Sogn og Fjordane som er hovudbrukarar av hallen.
I tillegg vert hallen leigd ut til ulike arrangement.
Hallen er open på kveldstid frå 15.30-21.30 frå september til medio mai. Hallen er stengd i skulen sin haust-, jule-, vinter- og påskeferie.
Offentleg bading i Sogndal Idrettshall (Stengt fram til september 2013!)
Badetider:
|
onsdag
|
18.00-19.30
19.30-21.00
|
Fellesbadstove
Badstove damer
|
|
torsdag
|
18.00- 19.30
19.30-21.00
|
Fellesbadstove
Badstove herrar
|
|
fredag
|
17.00- 21.30
|
Fellesbadstove
|
Annakvar sundag frå
og med 7. oktober ekstra
oppvarma basseng |
13.30-16.00 |
Fellesbadstove |
Prisar offentleg bading vår 2013:
Enkeltbillettar:
Born/elevar SVS kr 35,-
Studentar kr 50,-
Vaksne kr 70,-
Klippekort:
Born/elevar SVS kr 260,-
Studentar kr 370,-
Vaksne kr 530,-.
Vel møtt!
Prisar for leige av idrettshallen/symjehallen:
| |
måndag-fredag |
laurdag-søndag |
| |
pris pr. klokketime |
pris pr. klokketime |
| Heil hall, 4 salar og garderobe |
530 |
670 |
| Trekvart hall, 3 salar og garderobe |
400 |
520 |
| Halv hall, 2 salar og garderobe |
290 |
530 |
| Kvart hall, 1 sal og garderobe |
150 |
370 |
| Styrkerom og garderobe |
160 |
210 |
| Garderobe, pr stk, når hallen er open |
110 |
130 |
| |
|
|
| Symjehall inkl. garderobe og badevakt |
700 |
900 |
| Symjehall inkl. garderobe |
320 |
530 |
| Badstove |
110 |
130 |
| Symjehall baneleige pr. bane |
55 |
65 |
For nærare informasjon, ta kontakt med:
- Vakt i hallen på kveldstid 16.00-21.30: tlf. 57 67 64 90 / 91 87 34 54, e-post: sogndal.idrettshall@sfj.no