Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Ved oppstarten av nytt skuleår går helsesøster rundt i 1.klassane (Vg1) og informerer om korleis du kan bruke denne tenesta. Helsesøster har kontor i 3. etasje på nye skulen.
Helsesøster har slik kontortid:
| Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
| Kl 9-14: Open dør |
Fri |
Kl 9-14: Open dør |
Fri |
Kl 9-12: Møtetid helsestasjonen
Kl 12-15: Timeavtalar |
| |
|
|
|
|
Samstundes kan helsesøster motta sms alle dagar på mobil 41 56 12 55.
Skulelegen er ikkje på skulen resten av skuleåret 2012/2013.
Målsettinga med skulehelsetenesta er:
- å fremja god helse og trivnad
- å gi elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet
- å førebygge problem og helseskade
Det er ingen rutineundersøkingar i den vidaregåande skulen. Det blir lagt vekt på at du er ansvarleg for eiga helse.
Her har du nokre eksempel på kva vi veit fleire ungdomar strevar med:
- det å tilpassa seg ein ny skule og nye venner kan væra vanskeleg
- vi veit at enkelte er plaga med hovudverk, magesmerter og konsentrasjonsproblem
- nokon har vanskelege heimeforhold
- nokon strevar med angst og depresjon
- nokon strevar med rusproblem (tobakk, alkohol, narkotika)
- nokon har vore utsett for vold, heime eller ute
- nokon har problem i forhold til mat, kropp og vekt
- nokon har blitt seksuelt misbrukt
- nokon har eller vil oppleve sorg eller krise
- nokon strevar med å finna eigen seksuell identitet (homofil/heterofil)
- nokon strevar med å finne identitet og rotfeste, fordi det er vanskeleg å veksa opp med to kulturar
DETTE ER VONDT Å GÅ MED ALEINE -PASSAR NOKO AV DETTE PÅ DEG, TA KONTAKT!!
Skulehelsetenesta kan gi deg råd og rettleiing om:
- generelle helsespørsmål
- kosthald
- samliv og seksualitet
- prevensjon
- kjønnssjukdomar
- abortspørsmål
- rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
- vonde kjensler og tankar
- psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading og andre helseplager
- Graviditetstest
- Klamydiatest
Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.
Du treng ikkje bestille time. Stikk innom i trefftida. Du kan og få ein timeavtale viss du ønskjer det.
Helsesøster kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt med lege og fysioterapeut. Vi kan og tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.
Ta gjerne kontakt på sms eller ring: 41 56 12 55
Helsing helsesøster Linda Habbestad Skorve
Helsestasjon for ungdom (HFU)
Open kvar tysdag kl 14-16. Er på helsestasjon i 1. etasje på legesenteret.