Ein kan melda seg opp til eksamen i alle fag der det vert halde eksamen, sjølv om ein ikkje er elev ved ein skule. Då er ein privatist i faget. Ein kan ikkje vera både elev i faget og privatist samstundes.
I Sogn og Fjordane vert all privatisteksamen organisert av eit eksamenskontor med kontorstad i Førde. Der får du også nærare informasjon og råd om privatisteksamen.
Sjølve eksamen vert gjennomført ved Sogndal vidaregåande skule, Eid vidaregåande skule, Nordfjordeid, eller Hafstad vidaregåande skule, Førde. Du kan sjølv koma med ønskje om kva for ein av desse skulane du vil ta eksamen ved.
Nærare informasjon om privatisteksamen, fristar og oppmelding får du ved å gå inn på PrivatistWeb.
Opplæringsavdelinga, Eksamen og dokumentasjon, postboks 524, 6803 Førde.
Besøksadresse: Firdav. 6, Førde
E-postadresse: eksamenskontoret@sfj,no
Tlf. 415 30 990.
Om lån av læremiddel som privatist.