Yrkessjåfør

 

Kurset er ei landsline som varer i 19 veker og gjev praktisk og teoretisk opplæring.

Opplæringa er gratis, men elevane må halde seg lærebøker og liknande.

Kurset er ein vesentleg lekk i kompetanseoppbygging til fagstatus for yrkessjåførar.
Kurset vert avslutta med eksamen og førarprøve i ein av førarkortklassane
(lastebil, buss eller vogntog).


Innhald i kurset:

a)  Opplæringa skal ta utgangspunkt i dei fastsette læreplanane Vg2 transport og logistikk og Vg3 yrkessjåførfaget.

b) Opplæringa skal legge til rette for at eleven kan gjennomføre transportoppdrag i tråd

med gjeldande regelverk.

c) Kurset skal omfatte følgjande kompetansemål frå dei fastsette læreplanane Vg2 transport og logistikk og Vg3 yrkessjåførfaget:

Vg2 transport og logistikk
Følgjande kompetansemål henta frå hovudområdet bransjeteknikk:

- utføre livreddande førstehjelp, sikre skadestaden ved trafikkulykker og slukke mindre

branntilløp

- håndtere og transportere varer med truck etter gjeldande forskrifter

- bruke og vedlikehalde vanlege tekniske hjelpemidlar ved transport og logistikkoppdrag
- planlegge og utføre håndtering av farleg gods ved transport etter gjeldande

regelverk


Følgjande kompetansemål henta frå hovudområdet transport og logistikk:

- arbeide etter dei krav Internkontrollforskriften stiller til transport og logistikk

- gjere greie for prosedyrar ved transport av varer og personar over landegrenser

- forklare bruksområde for påbygg på lastebilar og bussar

Vg3 yrkessjåførfaget

Følgjande kompetansemål henta frå hovudområdet transport:

- gjennomføre og dokumentere teoretisk opplæring for tyngre køyretøy med hengar i

samsvar med gjeldande regelverk

- gjennomføre og dokumentere transportoppdrag med tyngre kjøretøy med tilhenger utan unødvendige miljøbelastningar i samsvar med gjeldande regelverk
- vurdere trafikkbiletet og opptre forsvarleg og omsynsfullt i trafikken under

transportoppdrag med skiftande veg- og føreforhold

- velge utstyr og metode som skal sikre last og personar i køyretøy i samsvar med gjeldande regelverk

- gjere greie for køyretøyet sin konstruksjon og verkemåte

- utføre enkelt vedlikehald og klargjering av køyretøy, utstyr og hjelpemidlar knytt til

transportoppdrag.

Følgjande kompetansemål henta frå hovudområdet planlegging og drift:

- planlegge transportoppdrag i samsvar med kunden si bestilling, bedriften sine rutinar og krav til sikker, miljøvennleg, effektiv og lønnsam drift

- behandle nasjonale og internasjonale transportdokument

- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i yrkessjåførfaget, og gjere greie for arbeidsgjvaren og arbeidstakaren sine plikter og rettar.

 
Krav til inntak av elevar:

 · Fylt 21 år.

· Fullført eit av grunnkursa mekaniske fag, elektrofag, eller allmenne, økonomiske- og administrative fag i Reform 94, eller eit av grunnkursa Vg1 service og samferdsel eller Vg1 teknikk og industriell produksjon i Kunnskapsløftet.

· Førarkort klasse B.

· Tilfredsstille helsekrava for førarkort kl. CEDE (Må legge fram helseattest ved kursstart)


Med søknaden skal fylgje:

 · Attestert kopi av førarkort klasse B.

· Attestert kopi av vitnemål / kompetansebevis.

· Attesterte opplysningar om:
- Praksis på mindre vogner.
- Praksis på større vogner (t.d. varevogner, mindre lastebilar og anleggsmaskiner).

Rangering av søkjarar:

Ved rangering skal søkjarar frå heile landet stille likt. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, vert søkjarane rangert etter poengsum frå grunnkurset eller Vg1, men òg annan kompetanse enn grunnkurs/Vg1 skal om mogleg vurderast. Vidare vert plassane fordelt i følgjande prioritert rekkefølgje:

- søkjarar utan fullført studie- eller yrkeskompetanse går føre søkjarar med tidlegare fullført studie- eller yrkeskompetanse
- eldre søkjarar går føre yngre

Vurdering

Eleven skal ha karakter i kvart av dei fire hovudområda.

Kompetanse/dokumentasjon

Etter gjennomgått opplæring får eleven delkompetanse innan yrkessjåførfaget. Kurset gjev eit halvt års godskriving i læretid i eit eventuelt seinare læreforhold, og tilsvarande godskriving av praksistid ved oppmelding til fagprøve. Det vert skrive kompetansebevis for gjennomgått kurs.

Kostnad (utanom lærebøker): 

Førarprøve i samarbeid med biltilsynet. Avgift vert betalt av eleven. 
Prisar pr. 16.10.08:
Teoretisk prøve pr. klasse: kr 335,-.
Praktisk prøve pr. klasse: kr 720,-. 
Produksjon av førarkort: kr. 200,-.
Eventuelt bilete: 62,-.

Ein kan søkje Statens lånekasse om stønad etter gjeldande retningsliner. 
Søkjarar til yrkessjåfør skal nytte skjema for "Høgare og anna utdanning". 

I løpet av skuleåret startar skulen 2 kurs:
Kurs 1 går frå august- januar og har søknadsfrist 1. juni.
Kurs 2 går frå januar - juni og har søknadsfrist 1. desember.

Last ned søknadsskjema her .

Søknaden skal sendast til: Sogndal vidaregåande skule, Trolladalen 28, 6856 Sogndal. 

 



Lastebilar
Buss
Truckar
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved