|
Om oss
| |
Skulen har for tida to miljøkoordinatorar:
Miljøkoordinator har hovudarbeidsplass på nye skulen.
Miljøkoordinator har ansvaret for:
- VIP
Miljøkoordinator på skulen jobbar for eit godt miljø. VIP står for veiledning og informasjon i psykisk helse i skolen, som er eit program som helsedirektoratet har lagt tilrette for VGS i Noreg. Miljøkoordinator jobbar saman med helsesøster rundt dette temaet for alle 1. klassar.
- Klassens time
I lag med helsesøster, bibliotekar, eller åleine kjem han på besøk i klassens time på alle klassetrinn. Tema kan vera tobakk, russ, mobbing, personvern, eller andre tema som elevane sjølve ynskjer vert tekne opp i klassen.
- Hybelbuar
Vi har inneverande år ca 270 elevar som bur på hybel, av dei går ca 60 på Vg1. Elevar som ynskjer besøk av miljøkoordinator, tek kontakt og avtalar hybelbesøk. Alle Vg1 elevane vert tilbode ein samtale i løpet av skuleåret.
- Open skule / leksehjelp
Rett etter skuletid ein gong i veka tilbyr miljøkoordinator open skule med leksehjelp. Det kan bli arrangert spesielle kurs i enkelte fag dersom det er behov. I samanheng med leksehjelp er det gratis mat og ope bibliotek med tilgong på pc.
- Andre aktivitetar
Vi er aktivt med ved arrangement som vårball, skulestart, skuleavslutningar, hjelper russen, samarbeider med elevråd, skidag m.m.
- Ta turen innom
Har du lyst å slå av ein prat, ta ein te eller kaffikopp?
Er det noko du lurer på som du trur eg kan hjelpe med?
Ta turen innom kontoret.
|
|
|