Oppfølgingstenesta (OT)

 

Oppfølgingstenesta er for deg som:

  • Ikkje har søkt skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring
  • Ikkje tek imot skule-eller læreplass
  • Ikkje er i varig arbeid
  • Sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakt

Kva kan Oppfølgingstenesta gjera for DEG?

I samarbeid med vidaregåande skular og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) kan OT gi råd om opplæring/arbeid. OT-koordinator har kontor i 3. etasje i tilknyting til ekspedisjonen på nyeskulen. Klasseromma til OT ligg på bakkeplan på læringshjørnet (vis a vis idrettssenteret sin inngang).

OT kan mellom anna hjelpa deg med:

  • Praksisplass
  • Ordinær skuleplass
  • Deltidsplass
  • Plass på ulike kurs
  • Kombinasjon skule/arbeid

HUGS du må, til vanleg, ta ut retten din til vidaregåande opplæring i løpet av 5 år etter grunnskulen. I visse høve kan ein søkje om unntak frå denne regelen.

Judith Ulstein er frå 01.08.12 OT-koordinator for kommunane Sogndal, Luster, Aurland, Leikanger og Vik. Du kjem i kontakt med OT-koordinatoren på telefon 57 67 64 23 / 45 45 99 35, eller e-post: judith.ulstein@sfj.no. Ingebjørg Byrknes er tilsett som tiltaksleiar. Ho har tlf.nr. 57 65 46 62 og e-post: ingebjorg.byrknes@sfj.no. Tor Talle er miljøarbeidar i OT. Han har tlf.nr. 57 67 64 42 / 92 89 34 32 og e-post: tor.talle@sfj.no.

Ulstein‚ Judith Ingebjørg Byrknes Tor Talle_ny 
Judith Ulstein Ingebjørg Byrknes  Tor Talle

 
In english

 



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Sogndal VGS All rights reserved