Entreprenørskap er eit satsingsområde ved Sogndal vidaregåande skule. Dette ligg i skulen sin utviklingsplan, og ein ser det att i det daglege arbeidet. Særleg yrkesfaglege studieretningar har lange tradisjonar når det gjeld samarbeid med næringslivet, både gjennom utplassering og ved at vi har teke i mot jobboppdrag frå næringslivet.
Dette samarbeidet ynskjer vi å utvikle. Innføring av Kunnskapsløftet utfordrar heile skulen til å ha eit tett samarbeid med næringslivet.
Målet er å sikre at utdanninga ungdomane får er relevant i forhold til den kvardagen dei møter når dei skal ut i arbeid.
Vi har fleire typar tiltak som vi nyttar i opplæringa innafor entreprenørskap.
Her får elevane praktisk erfaring i at kunnskap og ferdigheiter er noko dei sjølve kan vere med på å utvikle.
Ungdomsbedrifter - ein pedagogisk metode som gir ungdom i alderen 15 -20 år kunnskap og forståing for bedriftsetablering. Der skal elevane gjennom skuleåret etablere, drive og avvikle ungdomsbedrifta, med støtte frå lærarar og rådgjevarar frå næringslivet.
Partnarskapsavtalar — eit forpliktande samarbeid mellom bedrifter og skulen for å gi elevar større innsikt i arbeids- og næringslivsspørsmål. Det kan vere bedriftsbesøk, utplassering, gjesteførelesing, eller at skulen får arbeidsoppgåver frå bedriftene.
Samarbeidsbedrifter — bedrifter som vi samarbeidar med, hovudsakleg ved utplassering.
REAL — eit opplæringsprogram for entreprenørskap, der visjonane er at elevane skal lære meir om å skape og utvikle arbeidsplassar, og sjå mulegheiter i eige distrikt og bygge nye arbeidsplassar i distrikta.
