|
Karen Bit Vejle er ein dansk kunstnar, busett i Noreg. Ho skapar vakre og poetiske verk av luft og papir
Heilt sidan pairet vart oppfunne i Kina for meir enn 2000 år sidan, har den kunstnarlege sida av materialet vore viktig. Papiret vart nytta til å dekorere med lenge før det vart nytta til å skrive på. Papiret har vore eit viktig råmateriale også i vår eigen historie - kanskje særleg til julepynt, men også til sjablonar for interiørdekor og anna. Brette- og klippeteknikken har blitt brukt til stoffdekor på klesplagg, bunadar og tilhøyrande ting.
Ei viktig oppgåve for oss som museum er å synleggjere tradisjonsliner heilt fram til vår tid, og kunnskap som ligg til grunn for desse.
Velkommen til SLOW ART på Sunnfjord Museum
Meir om kunstnaren og papirklipping finn du her
Reportasje i Firda finn du her
|