Barnehageåret 2012-2013 er det avtalt eit samarbeid mellom PPT i Sogn og Statped Vest. Bjørg Øvstebø vil vere fagleg ansvarleg. Det blir starta opp samlingar for aktuelle barnehagar, foreldre og andre nærpersonar i regionen.
Karlstadmodellen er språktrening i eit heilskapleg perspektiv. Språkutvikling sjåast som ein integrert del av barnet si utvikling. Arbeidsmåtane tek utgangspunkt i at alle utviklingsområde, motorisk, perseptuell, kognitiv, emosjonell og sosialt, påverkar kvarandre og er i gjensidig interaksjon med miljøet omkring barnet.
Samlingane blir lagt til Sogndal vidaregåande skule