PPT-kontoret i Sogndal vil vere stengt på grunn av sommarferie i slutten av veke 28 og heile veke 29, 30 og 31. Den tilsette ved kontoret i Vik sluttar den 1. juli, og kontoret vert då stengt. Spørsmål og telefonar som gjeld saker i Vik må etter denne datoen rettast til kontoret i Sogndal - tlf. 57 65 70 80. Dersom det er viktige spørsmål i den tida vi har stengt kontor i sommar, så kan de ringje kontorleiar Gunn Fondenes på telefon 41 53 07 10.
Mikrodaisy AS tilbyr gratis kurs i Lingdys og Lingright. I januar 2010 vert det lansert nye, oppdaterte versjonar av Lingdys og Lingright. Det er då viktig at alle som har oppfølgingsansvar for elevar med lese- og skrivevanskar har litt innsikt i korleis desse programma fungerar
PPT-Sogndalsregionen har kjøpt inn eit eksemplar av "SNAKKEPAKKEN". Dette er eit utviklingsverktøy for barnehage og småskule. Nokre barnehagar har sagt seg interessert i å låne dette verktøyet, og utlånslista ser pr. i dag slik ut:
I februar 2008 starta vi opp behandlingsprogrammet "de utrolige åra" som er retta mot foreldre med små born (3-8 år) med åtferdsvanskar. Dette er eit samarbeid mellom Sogndal Bup, PPT-Sogndalsregionen og Sogndal helsestasjon. Gruppeleiarar er spesialapedagog Anne Beathe Fardal, helsesøster Cindy Litlabø og klinisk sosionom Gerd Karin Torstad.