Høyanger vidaregåande er ein veldriven skule med moderne og trivelege lokale.
Vi har ca 50 tilsette og 200 elevplassar. Skulen ligg i eit område som grensar opp mot barnehage, grunnskule, idrettsanlegg og badeland.
Skulen har desse programområda: DH, EL, HS, TP og STSP
Høyanger vidaregåande skule kan by på ein spennande kvardag med omfattande fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid både lokalt og internasjonalt.
Undervisningsstilling studiespesialisering
Ved avdelinga for studiespesialisering er det ledig ein 100 % stilling. Vi søkjer primært etter ein som har undervisningskompetanse i norsk.
Skulen er teamorganisert og mykje av arbeidet blir planlagt i klasseteam. Vi jobbar med utvikling og kompetansebygging i fagseksjonar i tillegg til å delta i fylkesdekkande fagnettverk. I utviklingsplanen vår er lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter og vurdering for læring viktige satsingsområde. Skulen vert Ny Giv- skule frå hausten 2012, og har dette året jobba med skulering, formidling og utvikling av metodikk for å møte Ny Giv-elevane.
Skulen har lang erfaring frå arbeid med internasjonale prosjekt, og er p.t i ferd med å avslutte eit multilateralt Comenius-prosjekt. Vi er i gang med eit nytt prosjekt som startar opp til hausten. Her vil elevar frå både studiespesialiserande- og yrkesfag delta.
Søkjar må ha høgare utdanning i norsk. For fast tilsetting må søkjar ha praktisk pedagogisk utdanning. Skulen ønskjer søkjarar som fyller dei faglege krava og i tillegg har personlege eigenskapar som er viktig i arbeid med ungdom. Det er viktig med gode samarbeidsevner, engasjement og evne til å tenkje nytt og kreativt.
Det vert teken atterhald om at overtalige i fylkeskommunen kan ha førerett ved tilsetjing.
Utfyllande opplysingar får du ved å vende deg til rektor Ottar Hjetland, tlf. 917 17 740.
For stillinga gjeld:
- Løn etter avtale
- 6 månader prøvetid
- Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Flytteutgifter vert dekka etter nærare reglar
- Dei som vert tilsett må legge fram politiattest.
Søknadsfrist er: 19.04.12. Merk søknaden: A-sak 12/3083
Vi oppmodar alle til å nytte elektronisk søknadsskjema. Det gjer du ved å nytte linken «søk stillinga» som du finn i søknadsbilete. Alternativt kan du sende søknaden som e-post til
postmottak.hoyangervgs@sfj.no eller til :
Høyanger vidaregåande skule
Postboks 249
6991 Høyanger