Hafstad vidaregåande skule inviterer til undervegssamtale/foreldremøte for Vg1 torsdag 26. januar frå kl. 1800 til kl. 2130. Foreldre/føresette får høve til å samtale med kontaktlærar og faglærarar.
Det vert også orientert om fagval for neste år i Auditorium 1 kl. 1830, 1930 og 2030. I tillegg vil opplæringsleiarane og rådgjevarane vere tilgjengelege for spørsmål om fag og vidare utdanning heile kvelden.
Vi ser gjerne at eleven er med til undervegssamtalen.