Spørjeundersøking
ELEVUNDERSØKINGA 2010
I veke 10 og 11 gjennomfører skulen Elevundersøkinga 2010. Dette er noko skulen er pålagd å gjennomfører kvart år. Elevar som ikkje er myndige vil få grundig informasjon i eit skriv frå Utdanningsdirektoratet om undersøkinga, og foreldre/føresette skal ha den same informasjonen.
2010.03.08 av Guri Aarhus [Les meir...]
ludivine
Ludivine
På Hafstad vgs har vi i vinter ein belgisk lærarskulestudent, Ludivine Ballant som skal hospitere hos oss fram til påske. Ho har fått stipend frå Comenius, eit europeisk utvekslingsprogram for ungdom innanfor EU-systemet, og oppdraget hennar er å samanlikne det norske skulesystemet med det belgiske.
2010.02.17 av Guri Aarhus [Les meir...]
revy
RUSSEREVY
9. og 10. februar viste russen på Hafstad kva dei duger til som skodespelarar, regissørar, scenearbeidarar og teknikarar. Heile 103 elevar deltok på ein eller annan måte i 3 godt besøkte framsyningar i Førdehuset. Skulen gratulerer russen med flott innsats!
2010.02.12 av Guri Aarhus [Les meir...]
Gründercamp
6. plass på Gründercamp
Eit samansett lag med elevar frå Hafstad, Øyrane og Flora vgs fekk ein flott 6. plass i NM i Gründercamp. Det var Kristina E. Sæterdal og Håkon H. Olsen som var Hafstad sine representantar. Skulen gratulerer med flott innsats!
2010.02.01 av Guri Aarhus [Les meir...]
skål!
Nyttårsball
Torsdag 21. januar vart det arrangert nyttårsball på Hafstad. 220 feststemte og fint pynta elevar og lærarar hygga seg med musikk og dans av innleigde og eigne krefter. Skulen vil takka festkomiteen for flott arbeid i planlegging og gjennomføring!
2010.01.29 av Guri Aarhus [Les meir...]
Ten Sing Norway
Konsert med Ten Sing Norway 2. februar
Det vert konsert med Ten Sing Norway i kantina i midttimen 2. februar 2010. Ten Sing Norway er ungdommar som reiser rundt i Noreg og Europa og inspirerer til Ten Sing arbeid. Det vert både musikk, dans og drama.
2010.01.29 av Guri Aarhus [Les meir...]
Karakterstatistikk
Hafstad vgs høgt oppe på karakterstatistikk i VG
VG har laga oversikt over dei ti skulane i landet med høgst gjennomsnittskarakter på Vg1, basert på faga norsk, matematikk 1P, samfunnsfag, engelsk og naturfag. Hafstad vgs er på sjuandeplass på lista.
2009.12.15 av Henrik Arne Losnegaard [Les meir...]
Elevrådstyret Hafstad vgs 2009
Takk til elevrådsstyret!
Det er tid for å velje nytt elevrådsstyre for 2010, og vi vil på denne måten takke det avtroppande styret, som har hatt denne samansettinga: Kristoffer Gryte, Edel Kristine Etnestad, Tore Storehaug, Sesilie Bjørdal og Emilie Krumsvik.
2009.12.16 av Henrik Arne Losnegaard [Les meir...]
Spørjeundersøking
Helse-, miljø- og livsstilundersøking på Hafstad
Fredag 20.11 kl 1200 blir det gjennomført ei spørjeundersøking om helse, miljø og livsstil blant elevane på Hafstad vgs. Undersøkinga skjer på initiativ frå Skulehelsetenesta i Førde, og har vore gjennomført tre gonger tidlegare. Også Øyrane vgs og Mo og Jølster vgs skal gjennomføre undersøkinga.
2009.11.19 av Henrik Arne Losnegaard [Les meir...]
Logo Operasjon Dagsverk
Vel overstått Internasjonal dag og OD!
Elevane ved Hafstad vgs hadde ansvaret for gjennomføringa av Internasjonal dag torsdag 29.10 og Operasjon Dagsverk fredag 30.10. Arrangementa viste stort og godt engasjement hjå Hafstadelevane og OD-komiteen. Gratulerer med god gjennomføring!
2009.11.02 av Ingunn Kjelstad [Les meir...]
Operasjon Dagsvek 2009
Operasjon Dagsverk 2009
OD 2009 går til utdanning av ungdom med nedsett funksjonsevne i Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Årets samarbeidsorganisasjon er Atlas-Alliansen.
2009.10.27 av Henrik Arne Losnegaard [Les meir...]
Enova logo
Vellukka ENOVA gründercamp
Ungt Entreprenørskap, Sunnfjord Energi og ENOVA arrangerte torsdag 22.10 gründercamp med fokus på smarte energiløysingar skapt av ungdom i den vidaregåande skulen. 18 elevar frå VG2 kjemi og biologi ved Hafstad vgs deltok. Kristina Erikstad Sæterdal og Håkon Aleksander Hartved Olsen frå 2STB vann konkurransen saman med Kine Berg Ålhus frå Øyrane vgs, Ole Jakob Lid og Daniel Brandesæter Trettevik frå Flora vgs.
2009.10.23 av Ingunn Kjelstad [Les meir...]
Parkering forbode
Parkering
Denne veka startar vi opp med kontrollar på parkeringsplassen. Elevar som køyrer bil eller motorsykkel/moped skal parkere på Festplassen/Utstillingsplassen, jfr. skulen sitt ordensreglement. Elevar som parkerer på parkeringsplassen til skulen eller i vegane inn til C- og D-bygget, får merknad. Vi tar bilde av bil ev. motorsykkel/moped som dokumentasjon. Ved gjentaking vil det bli gitt skriftleg åtvaring og køyretøyet vil bli taua vekk for eiga rekning.
2009.09.24 av Ingunn Kjelstad [Les meir...]
Nettbasert vaksenopplæring i studiekompetansefaga
Hafstad vgs har ansvar for å organisere Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt opplæringstilbod til vaksne som ønskjer studiekompetanse. Vaksne som har fullført grunnskule, har rett til dette tilbodet frå og med det året dei fyller 25. Men personar utan slik rett får også høve til å delta i opplæringa dersom det er plass.
2009.08.26 av Henrik Arne Losnegaard [Les meir...]
Google
Fylkeskommunale tenester

Ungtransport logo

Vilbli

Driftig

SkulenOpplæringstilbodVaksenopplæringRådgjevarMiljøkoordinatorBiblioteketElevsiderEksamenTilsette
Kontaktinformasjon
Hafstad vidaregåande skule
Postboks 294
6802 Førde
Tlf: 57 72 13 00
Fax: 57 72 13 01
Postmottak