Vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne
Etter 01.01.07 skal vaksne søkjarar kontakte den næraste vidaregåande skule for råd og rettleiing om vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne.
Dette bør du vite:
- alle vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år.
- denne opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa vaksne sin arbeids- og livssituasjon
- du har rett til å få vurdert den realkompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller har tileigna deg på annan måte.
- realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med deler av opplæringa
- fylkeskommunen tilbyr den opplæringa du måtte ønskje, enten som kurs spesielt tilrettelagde for vaksne, eller som nettbaserte opplegg
- kontakt din næraste vidaregåande skule for informasjon og hjelp/rettleiing i høve dine opplæringsønske .
Ønskjer du nærare opplysningar er du velkomen til å ta kontakt.
Soknar du til Flora vidaregåande skule, kan du ringje 57 75 79 00 og be om å få snakke med
vaksenopplæringskoordinator Lars Anders Nybu (LARS.ANDERS.NYBU@SFJ.NO ) eller 1.sekretær Norunn Leirpoll.
Realkompetansevurdering
Mange vaksne har gjennom arbeidserfaring og kurs tilegna seg kunnskap som fullt eller delvis dekkjer krava i læreplanen for den ønska opplæringa. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane sine og få godkjent det ein kan i høve dei krav læreplanen stiller.
For å bli realkompetansevurdert må du vende deg til næraste vidaregåande skole og fylle ut eit søknadsskjema. Søknaden med vedlegg for utdanning og praksis vil gi grunnlag for å slå fast om du fell inn under den lovfesta retten for vaksne etter § 4A-3 i opplæringslova, og kva du treng vidare av vurdering og opplæring for å nå ditt opplæringsmål.
Du finn fleire opplysningar på desse nettstadene :
* www.vox.no
* www.vilbli.no