For å lette og auke samarbeidet mellom skule og arbeidslivet har dei vidaregåande skulane i fylket eigne funksjonar som arbeidslivskontakt. Øystein Garfors er Flora vidaregåande skule sin arbeidslivskontakt. Øystein jobbar med å leggje til rette både for kursverksemd ved skulen, og for utplassering av våre elevar. I tillegg er Øystein òg studierettleiar ved skulen.
Ein sentral oppgave er å leggje til rette for både betre karriereval for elevane òg i tillegg jobbe med elevane si motivasjon for både gründerhaldningar og kjennskap til lokalt næringsliv.
Du treffer Øystein lettast på kontoret, eller du kan:
- ringe 41530603
- sende ein mail til OYSTEIN.GARFORS@SFJ.NO