Skriv ut
blank blank
Visjon og pedagogisk plattform

"Ein stad for læring, inspirasjon og trivsel"

er skulen sin visjon!

Vi trur at læring gir inspirasjon, noko som fører til auka trivsel hos elevane våre. Auka trivsel gir som kjent meir inspirasjon, og dermed betre læring. 

Den pedagogiske plattforma vår gjenspeglar skulen sitt syn på kva kunnskap er, kva rolle eleven skal ha og til sist  kva rolle læraren skal ha.

smil i gangen

EGF1

Kunnskapen:
FVS vil stimulere til gode læringsresultat slik at elvane får utvikle basiskunnskapar, fagkunnskapar og sosial kompetanse. Eleven skal øvast i å sjå desse i samanheng og på den måten skaffe seg handlingskompetanse til å møte eit samfunn i endring. Kunnskap kan tileignast både gjennom teoretisk opplæring og praktisk arbeid.

Eleven:
Eleven på FVS er aktivt kunnskapssøkande, ansvarsbevisst og kan setje mål for skulegangen sin. Dette skal komme til uttrykk gjennom:

  • ”god skulestart” med klargjering av elev- og lærarrolla
  • elevar som er aktive i planlegging, gjennomføring og vurdering av si eiga opplæring
  • ansvar og respekt for andre og miljøet: klassen sin time, tillitsvaldsordninga, elevråd og  
    skulereglement med klare konsekvensar

Bygg2

Bygg3

Læraren:
Læraren på FVS er kunnskapsformidlar og rettleiar, og samarbeider med eleven om opplæringa.
Dette skal komme til uttrykk gjennom å:

  • vise respekt
  • vise engasjement
  • aktualisere faga og variere undervisningmåtane ut frå eleven sine føresetnader, faga sin eigenart og måla for opplæringa.
  • gje jamnlege tilbakemeldingar, ris og ros
  • gjennomføre førebudde elevsamtalar
  • byggje opp under elevane sin sjølvtillit, t.d. gje konstruktive tilbakemeldingar og vere eit førebilete for elevane gjennom eiga åtferd
  • reagere på negativ åtferd (t.d. mobbing, vald, rasisme)
  • styrke lærarsamarbeid, t.d. gjennom team og kollegabasert rettleiing

 

 

 





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008