Skriv ut
blank blank
Bygg og anleggsteknikk

Bygg3"....allsidig teoretisk og praktisk opplæring som er nødvendig for å jobbe i bygg og anlegg..... Å vere fagarbeidar i bygge- og anleggsbransjen er interessant, krevjande og allsidig"


Generell informasjon Vg1 Bygg- og anleggsteknikk:
Felles programfag i Bygg- og anleggsteknikk er det faglige grunnlaget for utdanning til fleire yrke i dette utdanningsprogrammet. Programfaget er yrkesrelatert og knytt til dagsaktuell yrkesutøving. Programfaget fungerer både som ein brei inngang til bygg- og anleggsteknikk for dei som ønskjer det, eller som relevant første del av fagutdanninga for dei som har klare utdanningsplanar.
Bygg2I Vg1 Bygg- og anleggsteknikk får du ei grunnleggjande innføring i produksjon, teikning og bransjelære. Du vil sjå samanhengen mellom dei ulike faga og lære om dei krava som gjeld.
Fag- og timefordeling
Fellesfag (12 timar/veke)

* Norsk 2 timar/veke
* Engelsk 3 timar/veke
* Matematikk 3 timar/veke
* Naturfag 2 timar/veke
* Kroppsøving 2 timar/veke

Felles programfag (17 timar/veke)

* Produksjon
* Teikning og måltaking
* Bransjelære
* Prosjekt til fordjuping

Produksjon
Hovudområdet produksjon omhandlar produkt og tenester innanfor bygg- og anleggsteknikk. I produksjonen nyttar ein relevante materialar, som tre, betong, ulike typar metall og kjemiske stoff. Ein nyttar ulike typar verktøy og maskiner, frå enkelt handverkty, som hammar, tang eller skrutrekkar, til tunge anleggsmaskiner eller industrimaskiner som blir nytta i for eksempel limtreproduksjon. Bruk av materialar og verktøy blir dermed grunnleggjande element innanfor dette hovudområdet.
Praktisering av helse, miljø, tryggleik og kvalitetssikring står også sentralt. Hovudområdet legg vekt på praktisk arbeid med grunnleggjande handverksdugleikar.

Teikning – beskriving og måltaking
Hovudområdet teikning – beskriving og måltaking omfattar bruk av måleverktøy og teikningar som grunnlag for å utføre og dokumentere produkt som blir produsert i bygg- og anleggsteknikk. Bruk av IKT-verkty er sentralt. Bygg1

Bransjelære
Hovudområdet bransjelære omhandlar samanhengen mellom ulike fagområde som produksjonsmessig heng saman, og omfattar innføring i bygg- og anleggsbransjens organisering og produksjon. Hovudområdet omhandlar også tilhøve mellom dei ulike yrka som er representert, og utviklinga innanfor bygg- og anleggsbransjen.

Prosjekt til fordjuping 6 timar/veke
Prosjekt til fordjuping skal gi moglegheit til fordjuping i ønskt lærefag eller moglegheit for breiare kompetanse innanfor valt utdanningsprogram på Vg1 og valt programområde på Vg2

Vegen vidare:
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk gir grunnlag for å søkje Vg2 i programområda Byggteknikk, Anleggsteknikk, Klima, energi og miljø, Treteknikk eller Overflateteknikk.
Faga steinfag, feiarfag, isolatørfag og glasfag har opplæring i bedrift etter Vg1.





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008