Skriv ut
blank blank
Internasjonalisering

Internasjonalisering i skulen er etter kvart ein viktig integrert del av opplæringa i den norske skulen. I Stortingsmelding 14 (2008-09) vert det understreka at "internasjonalisering i en globalisert virkelighet er et virkemiddel for å fremme økt kvalitet og relevans i norsk utdanning". 

For Flora Vidaregåande Skule er det viktig at vi har internasjonale prosjekt som bidrar til bevisstgjering og kulturforståing då både samfunnet rundt oss og arbeidslivet stadig vert meir internasjonalt. Skulen har elevar frå omlag 20 land, nokre er fastbuande her i kommunen, andre er utvekslingselevar.

Nedanfor kan du lese litt om dei ulike prosjekta Flora Vgs er involverte i (etter kvart vil vi oppdatere undersidene i menyen med meir om kvart prosjekt): 

Aksjonsdag og internasjonal dag
Elevrådet i samarbeid med lærarane og skuleleiinga har gått inn for å rette solidaritetsarbeidet ved skulen mot Nkhotakota i Malawi (og delvis til Kelme i Litauen). Bakgrunnen for dette var nedadgåande oppslutnad om Operasjon Dagsverk.

Ved å ha direkte samarbeidsprosjekt har vi fått involvert fleire elevar og ikkje minst moglegheita til å sjå konkrete resultat frå pengar elevane jobbar inn. Årleg har Flora Vgs ein aksjonsdag der alle elevar på ulike måtar bidreg til prosjekta. I samband med aksjonsdagen har vi også internasjonal dag med arrangement som skal bidra til auka kulturforståing og engasjement. Sidan 2005 har midlane blitt brukt til ulike prosjekt i Malawi og Kelme.

Samarbeid med Malawi 
Samarbeidet med Malawi har Flora Vgs halde på med sidan 2005, og har sidan då årleg støtta skulegang for mellom 30-40 vanskelegstilte elevar på kostskulen Nkhotakota Secondary School. I tillegg har vi vore med å starte distriktets einaste internet cafe, og er dette skuleåret i gang med å etablere eit yrkesopplæringssenter saman med Nkhotakota Youth Organisation. Kvart år har skulen som mål å sende nokre elevar og lærarar på reise til Nkhotakota for å følje opp prosjekta. Dette er også viktig slik at skulen kan følge med på utviklinga. I November 2010 reiser 4 elevar og 2 lærarar.  Neste år kan også DU søke! Nkhotakota er i tillegg ein av vennskapskommunane til Flora Kommune.

Meir om Nkhotakota District kan du lese på www.nkhotakota.com. Sjå også oppdateringar om Yrkesopplæringssenteret i menyen til venstre.

Samarbeid med Litauen
Kelme i Litauen er også ein av Flora Kommune sine vennskapsdistrikt. Flora Vgs har sidan kring 2003 hatt eit samarbeid med Kelme Professional Training Centre - som er ein kombinert Yrkes/allmenn skule. Frå 2010 startar vi opp med eit felles utvekslingsprosjekt der 2 elevar frå kvar skule får moglegheit til å bli betre kjend med kultur og skulesystem. Første utveksling vil skje i november 2010. Skulane samarbeider også om eit entreprenørskapsprosjekt, og har hatt ulike samarbeid med alt frå idrettsfag, byggfag, IKT og Service og samferdsle.  

Bygge skular til jordskjelvramma Haiti: 

Byggfagsklassane har gjennom 5 veker hausten 2010 vore i sving for å sette samman element og pultar til 4 skular som skal sendast til jordskjelvramma Haiti. Initiativtakar til prosjektet er Ole Stenbakk som har fått sponsa alt utstyret frå næringslivet. Elevar frå Flora Vgs har gjort mesteparten av jobben med å sette ting mest mogleg saman.  17. November 2010 vart utstyret lasta inn i kontainarar på kaia i Florø. 

Kontaktlærar Oddgeir Andersen frå Vg2 byggteknikk fortel at elevane har lært mykje frå å vere med på dette, bådebyggteknisk såvel som å tenke på andre enn seg sjølv. Sidan så mykje tid har gått med så har dei involvert alle programfaga på linja så vel som mattematikk for å gjere utrekningar og norsk for å skrive rapportar.

Les meir her, reportasje frå Firdaposten.
Eller sjå klipp frå NRK om prosjektet 

Skuleturar til andre land / Andre prosjekt.
I hovudsak vert dette arrangert av klassane sjølv i samarbeid med faglærarane sine. Svært mange av studieprogramma nyttar seg av dette, og det skjer i hovudsak på Vg2.

 voc skills centre





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008