Skriv ut
blank blank
Biblioteket
Det handler om informasjon
 
  • Elevar i biblioteketBiblioteket hjelper deg å finne den informasjonen du treng
  • Opplæring i kildekritikk hjelper deg å vurdere den informasjonen du treng

Biblioteket skal vere ein stad der elevar og lærarar kan finne alle typar informasjon.

Her skal du finne litteratur til fordjuping i skulearbeidet, eller ein spennande roman, film eller teikneserie.

Vi har ei lita, men god samling av:
• Fag- og skjønnlitteratur
• Oppslagsverk av ymse slag
• Tidsskrift
• Aviser
• Lydbøker


Du må hugse å ta med deg lånekortet, for alt utlån blir registrert på data. Vi har og sjølvbetjent utlånsmaskin. Du kan nytte deg av datamaskin med internettoppkopling, bruke fritimane dine til skulearbeid eller rett og slett slappe av.

Elevane vil bli gitt opplæring i bruk av biblioteket. Målet er at elevane sjølv skal kunne finne fram i samlinga, men bibliotekaren er til stades for å gje hjelp og rettleiing i alle typar spørsmål.

Liv Høynes Strømmen er skulebibliotekar, i heil stilling.
Ho kan òg skaffe bøker og artiklar frå andre bibliotek der det er naudsynt.

Biblioteket er ope heile skuledagen.

Her kan du få meir hjelp:Biblioteksvar

 





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008