Skulen har ei rekkje tilbod til elevane.
Trivsel er ein føresetnad for læring og utvikling. Flora vgs legg stor vekt på utvikle eit godt skulemiljø.
Skulen har
mange trivsel- og miljøtiltak utover studietilbodet
.
Skulestarten er viktig, og rett etter
skulestart dreg kvar einaste vg1 klasse på «bli
kjent» turar med fagleg og sosialt
innhald. Gjennom skuleåret kan
elevane vere med på aktivetsdagar, internasjonal
dag og aksjonsdag. Turneringar,
skuleteatar og skulekino er óg faste
innslag gjennom skuleåret.
Ein fast møteplass er
elevkantina. Florø
sin beste gjærbakst finn du i kantina vår. Utover
føremiddagen fyller lukta av fylte horn, pizza og Skillingsbollar
gangane ...
Skulen har eiga stilling som
miljøkoordinator. Miljøkoordinator er
tilgjengeleg for elevane på skulen både på dag- og
kveldstid. Open skule er organisert av
miljøkoordinator, og er eit tilbod elevane får ein kveld i veka.
På open skule er det ulike aktivitetar. Der er det óg mogleg
å få leksehjelp i nokre fag. Miljøkoordinator arrangerar
óg t.d. turneringar og elevkonsertar.
Skulen har óg
helsesøster på skulen to dagar i veka. Saman med
rådgjevarane er helsesøster eit viktig tilbod når elevane
har spørsmål om helse og trivsel.