Generell informasjon:
Når du byrjer i vg1, må skulen få vite kva for 2. framandspråk (spansk, tysk, fransk) du skal ha og på kva nivå. Du må óg velje mellom teoretisk eller praktisk matematikk. I løpet av dei første 2-3 vekene på skulen vil du få orientering og råd om kva du bør velje.
Utdanningsprogram for idrettsfag har som hovudføremål å tilby elevar med idrettslege interesser ei kompetansegivande allmennutdanning og ei allsidig idrettsutdanning, og å legge til rette for at talentfulle utøvarar kan kombinere utdanning med idrett.
Vg1 Fellesfag (23 timar/veke) Norsk 4 timar Matematikk 5 Naturfag 5 Engelsk 5 2. framandspråk 4
|
Felles programfag (10 timar)
Aktivitetslære 5 Treningslære 2
|
Valfrie programfag (5 timar) Elevane kan velje mellom Breiddeidrett og Musikk
|
Vg2 Fellesfag (18 timar/veke) Norsk 4 Matematikk 3 2. framandspråk 4 Historie 2 Samfunnsfag 3 Geografi 2
|
Felles programfag (12 timar) Aktivitetslære 5 Treningslære 3
Treningsleiing 4
|
Valfrie programfag (5 timar) Breiddeidrett Programfag frå Studiespesialisering (*)
* Nokre få realfag eller fag frå språk, samfunnsfag og økonomi
|
Vg3 Fellesfag (13 timar/veke) Norsk 6 Historie 4 Religion og etikk 3
|
Felles programfag (17 timar) Aktivitetslære 5 Treningslære 5 Idrett og samfunn 5 Treningsleiing 2
|
Valfrie programfag (5 timar) Breiddeidrett Programfag frå Studiespesialisering (*)
* Nokre få realfag eller fag frå språk, samfunnsfag og økonomi
|
Valfrie programfag kan vere idrettsfag som breiddeidrett eller toppidrett, eller du kan velje programfag frå studieførebuande utdanningsprogram.
I aktiv idrettsutøvar kan altså i gjennomsnitt velje inntil 17 timar idrettsfag per veke kvart år.
Elevane på idrettsfag har nøyaktig dei same fellesfaga som elevar på studieførebuande utdanningsprogram, men har altså aktivitetslære i staden for kroppsøving.
Utveksling:
Om ein ynskjer eit litt alternativt skuleår i vg2, er utveksling ein god måte å få til det. Ein må søkje på eit program gjennom ein utvekslingsorganisasjon (AFS...) og ein må søkje skulen om førebels godkjenning av året i utlandet. Dette er viktig! Ein må søkje inntak til vg2, men takke nei til tilbodet. Skulen ordnar "øyremerkt" plass i vg3 på bakgrunn av godkjenningssøknaden.
For å få godkjent året i utlandet, må ein ha dokumentasjon på å ha følgt fag i eit fullt skuleår i utlandet og bestått opplæring. Denne opplæringa skal vere på same nivå som vg2, med hovudvekt på fag programområde for idrettsfag vg2.