|
Rådgiving
Nyttige nettsider til deg som skal vidare i livet
Sosialpedagogisk rådgiving tydar først og fremst å gje råd og hjelp dersom du har personlege og sosiale vanskar. Å gje råd og hjelp når du har vanskar med skulearbeidet. Å formidle kontakt med andre institusjonar og spesialistar om du treng det. Skulen har også helsesøster på plass to dagar i veka. Karriererettleiing for deg tyder først og fremst: Kontakt og informasjon FØR du startar i vidaregåande. Kva vil eg bli? Skal eg studere etter vidaregåande eller vil eg ta fagbrev? Kva for programområde skal eg velje? Karriererettleiar kan hjelpe deg med å førebu val av programfag for vg2, førebu val av vidare utdanning eller gje tips i høve vidare jobb og jobbsøk. |
|
|