For å lette og auke samarbeidet mellom skule og arbeidslivet har dei vidaregåande skulane i fylket eigne funksjonar som arbeidslivskontakt.
Øystein Garfors er Flora vidaregåande skule sin arbeidslivskontakt. Øystein jobbar med å leggje til rette både for kursverksemd ved skulen, hjelpe til med utplassering av elevar og andre samarbeidsprosjekt mellom skule og næringsliv samt å legge til rette for entreprenørskapsprosjekt som t.d. ungdomsbedrifter.
Ein sentral oppgave for arbeidslivskontakt er å leggje til rette for både betre karriereval for elevane òg i tillegg jobbe med elevane si motivasjon for både gründerhaldningar og kjennskap til lokalt næringsliv.
I tillegg er Øystein òg studierettleiar ved skulen og lærar i entreprenørskap og samfunnsøkonomi.
Du treffer Øystein lettast på kontoret, eller på tlf 41 53 06 03 eller epost oystein.garfors@sfj.no.