Kva er kjeldetilvising?
Ei litteraturliste er ein oversikt over alle kjeldene du har brukt. Den kallast også for referanseliste eller bibliografi. Litteraturlista begynner på ei ny side sist i oppgåva, og kjeldene skal førast opp alfabetisk.
Korleis lista skal setjast opp, kjem an på stilen du har valgt. Her skal vi vise listeoppsett presentert (i forenkla form), med Harvard-stilen.
Harvard-stil
Når du set opp bøker på litteraturlista, begynner du med etternamnet på forfatteren. Så kjem fornavn (berre initial), utgivelsesår, boktittel, utgivelses-stad og forlag.
Litteraturliste
Bogø, J., H. Stig og S. Ahnstrøm (1995) Festboken. Oslo: Bladkompaniet.
Glomnes, E. (2005) Skriv bedre! Lærebok i skriving. Bergen: Fagbokforlaget.
Hoem, E. (1995) Bibelhistorier. Oslo: Aschehoug.
Leksikonartikler og andre informasjonssider på nettet
Dersom du bruker ei Internett-side der forfatteren ikkje er navngjeven, fører du opp tittel på sida eller teksten, årstallet for publisering eller siste oppdatering av sida, nettadresse og dato for nedlasting.
Nettartikler med navngjeven forfatter
Hvis du bruker ein nettartikkel med navngjeven forfatter, fører du den opp slik: etternavn på forfatteren, fornavn (berre initial og punktum), årstal for publisering eller siste oppdatering av sida, tittel, nettadresse, dato for nedlasting.
Haddal, P. (2007) Helteepos i stor stil. http://oslopuls.no/film/article2114251.ece. [Nedlasta 30.11.2007].
Filmatisert norsk litteratur
NTNU sine gode nettsider om oppgåveskriving, her om korleis gå fram ved søk etter nettkjelder: VIKO