Skriv ut
blank blank
Skulen vår

Velkomen til Flora vidaregåande skule!

Eit godt klassemiljø gir trivsel ogElevar i biblioteket læring. Når vi startar eit nytt skuleår, jobbar elevar og lærarar i lag for å skape eit godt sosialt miljø og ein triveleg kvardag .

Som elev på Flora vgs har du spennande dagar saman med skulekameratar i moderne skulebygningar. Her er god datatilgang, idrettsaktivitetar, moderne verkstader og ei populær kantine. Frå august 2006 blei all undervisning i kroppsøving samla på skulesenteret og i Storhallen. Det er kort veg frå skulen til sentrum og større bustadområde.

Skulen satsar på omfattande bruk av IKT, og nyttar e-læringsverktøy i alle fag. Vidare har vi eit godt samarbeid med næringsliv/industri og dei hjelper til med lærlingeplassar, utplassering og undervisningsmateriell.

Med heile 7 utdanningsprogram vil du finne eit tilbod som passar for deg.





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2011