Skulens utdannings- og yrkesrådgjevar kan hjelpe deg slik at du lettare kan gjere et godt val av utdanning og yrke. Tone er skulens sosialpedagogiske rådgjevar kan hjelpe deg hvis du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa di - men tek og karrierespørsmål. Øystein og Rita driv hovudsakleg med karriererettleiing. Du er i alle tilfelle velkommen innom kontora våre i administrasjonsfløyen - eventuelt kan du booke ein time på førehand ved hjelp av personleg melding i Fronter eller SMS.
Nyttige nettsider til deg som skal vidare i livet
Sosialpedagogisk rådgiving tydar først og fremst å gje råd og hjelp dersom du har personlege og sosiale vanskar. Å gje råd og hjelp når du har vanskar med skulearbeidet. Å formidle kontakt med andre institusjonar og spesialistar om du treng det. Skulen har også helsesøster på plass to dagar i veka.
Karriererettleiing for deg tyder først og fremst: Kontakt og informasjon FØR du startar i vidaregåande. Kva vil eg bli? Skal eg studere etter vidaregåande eller vil eg ta fagbrev? Kva for programområde skal eg velje? Karriererettleiar kan hjelpe deg med å førebu val av programfag for vg2, førebu val av vidare utdanning eller gje tips i høve vidare jobb og jobbsøk.
Andre nyttige linkar og dokument