Her finn du eit oversyn over ledige stillingar ved skulen.
Undervisningsstillingar innan realfag / filologiske fag / elevassistentar
Har du undervisningskompetanse innan fysikk, matte, naturfag, engelsk, norsk eller samfunnsfag? Kunne du tenke deg å jobbe som assistent for elevar med særskilte behov? I så fall vil vi gjerne at du vurderer å bli ein del av Florø sin største kompetansearbeidsplass. Sjå utlysing her.
Fagansvarleg / faglærarar i brønnteknikk
Partnarskapen mellom Flora vidaregåande skule og Saga Fjord Base arbeider for tida med organisering av opplæringa innan VG2 Brønnteknikk som er eit viktig satsingsområde frå hausten 2013.
Flora Vgs ønskjer å knytte til seg undervisnings personell som har relevant erfaring frå eit eller fleire av områda; Leiting, boring, komplemetering, produksjon og brønnvedlikehald og HMS.
Vi har behov for ein fagansvarleg som skal koordinere utdanningsprogrammet i samarbeid med bedrifter, i tillegg til faglærarar som kan undervise på dag/vekesbasis. Pedagogisk bakgrunn er ønskelig, men ikkje eit krav. Like viktig er lyst og evne til å formidle samt «hands-on» erfaring som bidreg til å gjere fagstoffet relevant og yrkesretta for elevane.
Ta gjerne kontakt med rektor Knut Christian Clausen tlf 577 57 900 eller arbeidslivskontakt Øystein Garfors, tlf 41 53 06 03.