Aktuelt
Utgravingane i Nyset-Steiggje To artiklar om utgravingane som føregjekk i Nyset-Steiggje på 1980-talet er lagt ut under punktet Nyset-Steiggje (11.01.2010).
|
|
Omtale på ABM-U digitalt Statens senter for arkiv, bilbliotek og museum, ABM Utvikling, har laga ei omtale av animasjonane frå Ytre Moa (10.12.2008).
|
|
5 engelske artiklar Professor Christopher Prescott har gjeve oss løyve til å bruka fem artiklar som han har skrive og publisert ulike stadar i perioden mellom 1991 og 2006. Artiklane tek i stor grad føre seg bronsealderen i indre Sogn, og Skrivarhellaren i Årdal spesielt(10.12.2008).
|
|
Døme til etterfylgjing På den årlege ABM-konferansen i Oslo (17.11.08) vart animasjonane og artiklane om Ytre Moa brukt som døme på korleis primærkjelder kan formidlast på ein god måte.
|
|
Vann plakatkonkurransen I konkurranse med rundt 20 plakatar frå nesten like mange institusjonar, gjekk plakaten om Årdal av med sigeren. (10.11.08).
|
|
Plakat til Norsk arkeologimøte 6. - 8. november blir prosjektet Frå vikinggrav til verdsveven presentert for 179 arkeologar på Norsk arkeologimøte i Stavanger. (08.11.08).
|
|
Artiklar om Ytre Moa Det er lagt ut artiklar om Ytre Moa på Kulturhistorisk leksikon (Fylkesarkivet). Artiklane finn du under inngangen Artiklar. (04.11.08).
|
|
Vikinggarden på Ytre Moa slik han kan ha sett ut på 900-talet.
Illustrasjon laga av Arkikon. Klikk på biletet for å sjå animasjon.
Animasjon av hus B på viking-garden Ytre Moa. Etter teikning av Gisle Jakhelln.
Animasjon av hus F på viking-garden Ytre Moa. Etter teikning av Gisle Jakhelln.